Teater

Flukt, draum og eventyr frå 2018

Nila og den store reisa er vakkert, om litt høgttravande barneteater med samtidsappell.

Framstillinga av bølgjer, hav og livet under vatn er direkte suggererande, skriv Bent Kvalvik.
Framstillinga av bølgjer, hav og livet under vatn er direkte suggererande, skriv Bent Kvalvik.Framstillinga av bølgjer, hav og livet under vatn er direkte suggererande, skriv Bent Kvalvik.
Publisert

Det Norske Teatret

Flyktningkrisa og den vedvarande verdsuroa verkar naturleg nok inn på det som for tida bli formidla av dei «skjønne kunster». Det gjeld både i musikk, litteratur, film og teater. Like naturleg er det at born er opptekne av korleis born i andre land og under andre samfunnstilhøve, lever og har det.

Tek scena med storm

Den danske dramatikaren og regissøren Maria Kjærgaard-Sunesen har saman med scenografen Mie Riis (også dansk) laga eit stykke om den fantasifulle jenta Nila. Saman med familien må tiåringen flykte frå ein krigstruga landsby, med det fredsæle, namngjetne Norden som endeleg mål. Det hender kritiske, dramatiske og vonde ting undervegs, men Nila styrkjer seg med eventyrfantasien sin. Det vi etter kvart får oppleve, er ei spanande krysning av realistisk båtflukt frå krig og elende, eit frodig univers av snakkande fuglar og fiskar og den farlege draken Morgana.

Scenografisk, koreografisk og musikalsk er framsyninga eventyrleg i ordets mest bokstavelege tyding. Ikkje minst framstillinga av bølgjer, hav og livet under vatn er direkte suggererande. Musikken, om ikkje nett med allsongpotensial, gjev også det heile eit stemningsløft som held høg puls gjennom heile stykket.

Uttrykksfullt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement