Musikk
Flammande furier
Gluck skaper eit sant helvete.
Steinstatuen av Kommandanten ekspederer don Juan til helvete. Utsnitt frå ein akvarell av A.É. Fragonard frå 1825.
Alia Vox, plateselskapet til den katalanske gambespelaren og dirigenten Jordi Savall, merkjer seg ut med påkosta CD-utgjevingar. Det nyaste albumet har eit 150 sider langt omslagshefte, tjukt som ei lita bok, som inneheld grundige skildringar av komponisten og komposisjonane i tillegg til bilete og faksimilar av dei originale notane.
Mange klassisklyttarar nyttar i dag strøymetenester og får slik aldri tilgang på noko omslagshefte, sjølv om dette kan vera avgjerande for å skjøna musikken. Dei to verka som her er innspelte, pantomimeballettane Don Juan og Sémiramis, kan ein sjølvsagt nyta reint musikalsk, men for å fatta handlinga scene for scene, lyt ein ha omslagsheftet i hende. (Pantomime er vel elles den sjangeren som gjer seg dårlegast på CD.)
Reformator
Den keisarlege hoffkomponisten Gluck, som blei fødd i Tyskland i 1714, var den store operareformatoren i sitt sekel. Han ville bort frå den stivna barokkoperaen og kravde at musikken skulle fylgja librettoen nøye, og librettoen skulle ha enkel og skjøneleg handling etter klassiske ideal.
Savalls orkester, Le Concert des Nations, er med sin framfuse framføringsmåte og fleksible, skifterike klang eit ideelt medium for Glucks komposisjonar. Særleg vellukka er tolkinga av Don Juan frå 1761.
Karakteren don Juan, som har røter i spanske folkesegner, opptrer for fyrste gong som litterær figur i eit spansk drama frå 1630. Han er ein omsynslaus forførar som skruppellaust nyttar den erotiske tiltrekkingskrafta si på kvinner for å tilfredsstilla eigne lyster, noko han til sist må stå til rette for. Sujettet har vore viktig i europeisk drama, litteratur og musikk – særleg i operaen, som sameiner desse tre kunstformene. Mozarts Don Giovanni, frå Glucks dødsår 1787, er den mest kjende.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.