Musikk

Fjorten år utan musikk

Ein roleg favoritt er tilbake etter uvanleg lang tid.

Jesse Sykes og Phil Wandscher er fulle av von etter fjorten år utan musikk.
Publisert

Etter heile fjorten år i stilla vender Jessica Ann Sykes og Phil Wandscher tilbake med eit verk dynka i tap, sorg og von. Bassist og trommis gav seg etter førre album, og dei som er igjen, har trunge tida til å kome seg. Ja, dei slutta, det var inga alvorleg ulykke, men musikken måtte få liggje brakk før dei som var igjen, kunne elske han på ny. Dei seier sjølve i intervju at det høyrest ut som ein klisjé på fleire nivå. Men det er det ikkje.

Røysta til Jesse Sykes er tyngdepunktet, då som no. Ho ber songar om forvandling, emosjonell forskyving og det å vere forgjengeleg som om songane alltid har vore her. Sjølv omtalar ho musikken som ei blanding av vemodige folketonar og kosmisk rufsete klagesongar. Det er vanskeleg å vere ueinig i skildringa. Songane startar ofte nake og forsiktig før dei får støtte frå strykarar, lette perkusjonslag og Phil Wandschers varme og stundom brotne gitartonar. Forenkla kan ein nok kalle det americana.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement