Film
Fiskar i solnedgang
Maltesiske Luzzu er aktuell, klassisk, vakker og engasjerande.
Jesmark livnærer seg som fiskar i Valetta og har nyleg blitt far.
Foto: Mer Film
Luzzu opnar med den barske fiskaren Jesmark (Scicluna) og kompanjongen som fiskar med line frå den pittoreske, fargerike trebåten sin, ein maltesisk luzzu. Sola skin, men fisken bit lite, og båten lek. Trålarar truar den tradisjonsrike fiskarkulturen.
Når Jesmark kjem i land, må han hente babyen for helsesjekk saman med kona Denise (Farrugia). Krabaten blir vegen og funnen for lett. Han treng hjelp. Familien til Denise kan hjelpe, men ser ned på ein fattig fiskar. Skal ein kaste all ære over ripa?
Ciao flus
Malta er sjeldan på sonaren. Luzzu er første maltesiske film på kino her i landet. Miljøskildringa er difor automatisk forfriskande. Berre å høyre maltesisk er kjekt. Her er det kort til både Sicilia og Tunisia i praten. Konfliktane er likevel universelle.
At næringar med lang historie blir truga av kapitalsterke krefter, veit fiskarsamfunn alle stader. Korrupsjon kompliserer òg. Malta er EU-landet der journalisten Daphne Caruana Galizia blei drepen for å ha følgt pengespora mot toppane. Inntektene forsvinn frå fiskarane i Luzzu, som blir pressa inn i ulovlege skuggar eller over på øydeleggjande trålarar. Retningslinene frå styresmaktene er ein klamp om foten, og EU vil helst betale folk for å kondemnere båtar og historier. Få står imot.
Ekte energi
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.