Bok
Fire unge frøkner i Ibsen-historia
Kan kjennskapen til fire unge damer i 25-årsalderen medverke til meir innsikt i den aldrande Henrik Ibsens litterære bodskap?
Dei fire kvinnene: tyske Helene Raff (øvst), norske Hildur Andersen (t.v.), svenske Rosa Fitinghoff og austerrikske Emilie Bardach.
Alle foto frå boka
Om så gjeld det fyrst og fremst dei fire siste verka hans, som Astrid Sæther kallar «Kristiania-kvartetten» - i rekkjefølgje Bygmester Solness (1892), Lille Eyolf (1894), John Gabriel Borkman (1896) og Naar vi døde vaagner (1899).
Sæther har gjennom store delar av si akademiske bane røkta Ibsens litterære prydhage, ikkje minst som leiar av Senter for Ibsen-studier. I 2008 munna det ut i biografien Suzannah. Fru Ibsen, som baud på verdfull innsikt i utviklinga hos Ibsen fram til han vart ein dramatikar av verdsformat.
I den nye boka si skyv Sæther fram dei fire «prinsessene», som i tur og orden prega kjenslelivet hans gjennom ti aldrande år frå 1889 til 1899 – austerrikske Emilie Bardach, tyske Helene Raff, norske Hildur Andersen og svenske Rosa Fitinghoff.
Påfallande ulike
Dei er påfallande ulike, om vi ser bort frå alderen og den borgarlege bakgrunnen som er felles for alle. Mens dei to mest kortvarige prinsessene – Emilie og Rosa, den første og den siste – var kvinner utan eige profesjonelt livsprosjekt, hadde både Helene og ikkje minst Hildur eigne kunstnarlege baner, som dei heldt fast ved både jamsides med Ibsen-svermeriet og vidare i livet etterpå.
Sæther vel å tolka prinsesseomgrepet inn i ei eventyrfarga førestillingsverd der det konkrete biletet får mytiske tydingar – då ligg det ei ventande lykke svanger i sjølve prinsesseomgrepet. Slik leier Sæther «prinsesse»-episodane til Ibsen inn i ein trong litterær eller mytisk forstand og trekkjer dei på same tid unna eit meir patetisk bilete av tilhøvet aldrande mann og unge, beundrande kvinner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.