Bok
Fint feriefylgje
Illustrasjon: Tiril ValeurIllustrasjon: Tiril Valeur
Barnebok
Det er sommar ein stad mellom Saltkråkan og Svingen. Tida har gått, det står marshmallows på menyen, men ungane trær framleis markjordbær på strå og klør seg på myggstikka.
Bestevenene Milla og Filla reiser på ferie med familien til Gulldalen, der ein skatt frå Sigurd Jorsalfar si tid skal vere gøymd. Med på lasset er den nevrotiske mora til Filla, som eigentleg heiter Franz. Ho er særs festleg framstilt, som ei nyskriving av Prysselyskan eller av Grethe, mammaa til Nure i Svingen.
Milla leter etter gull skriv seg opp mot nostalgiske barnebokminne, slik både mor og bestemor hugsar dei. Persongalleriet er akkurat passe stort og så godt samansett at den moderne barnelesaren får det han vil ha: humor og spenning.
Illustrasjonane til Tiril Valeur framstiller den same vellukka balansen: nye barn, nostalgisk stemning.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.