Teater

Finn fem feil – på vegen

Vandreteater er artig, men litt lureri.

Stykket er femte og siste del av pentalogien med tittelen Livet.
Stykket er femte og siste del av pentalogien med tittelen Livet.
Publisert

Teamet Goksøyr og Martens har laga mange flotte og spanande kvardagsdrama i seinare år, annleisteater med voice over og headset til publikum. Det er ein ny type teater. Den nyaste framsyninga no er eit vandreteater, med handling sentrert om familiekrisene med eldre og sjuke i koronatida. Det er eit viktig tema, og det er ei fin lita historie vi får servert under vandringa, fortrinnsvis frå Ane Dahl Torps forteljarrøyst.

Litt snytt føler vi oss vel likevel etterpå, for dette kjendest eigentleg mest som å gå på ein vanleg tur med lydbok på øyret. Kvar var den levande teaterdimensjonen? Det er da den vi betaler for når vi går på teater, trass i alt? I ettertid førekjem det oss at vi kan hende såg eit og anna glimt av ein skodespelar her og der på vegen, det gjorde vi kan hende. Men da kjennest det mest som vi har blitt narra med på ein intelligenstest, ein iakttakingsleik. Og når vi til sist, oppe på Vår Frelsers gravlund, gjev frå oss headsetta, er det ingen som kjem fram for å ta imot applaus.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement