Filmar som nesten får det til
Film frå Sør oppsummerer festivalfilmåret med tematisk breidde og varierande kvalitet.
Daniela Vega speler fantastisk kvinne i årets chilenske Sølvbjørnen-vinnar.
Film frå Sør kjem tradisjonen tru på tampen av eit langt filmår. Det betyr at mange av filmane alt har «buzz» frå andre festivalar, med dertil prisar og akkumulerte forventningar.
Ein av filmane frå sør med både medvind og prisar i segla, er det chilenske dramaet En fantastisk kvinne, som mellom anna vann Sølvbjørnen for beste manus under Berlinalen. Verd å leggje merke til er den sterke europeiske forankringa. Tyske Komplizen Film, som står bak arthousemeisterverket Min pappa Toni Erdmann, er med som produsentar. Og den kunstferdige estetikken gjennomsyrer En fantastisk kvinne. Her er vakre bilde og fargerike tablåscener, som gjer det freistande å dra parallellar til den spanske filmnestoren Pedro Almodóvar. Ein meir openberr Almodóvar-link, er transvestittematikken. Filmen spinn rundt Marina som blir fabelaktig spelt av transpersonen Daniela Vega, og er ei historie om både kjærleik og sorg. Etter at kjærasten, den langt eldre mannen Orlando (Reyes), dør, vender regissør Sebastian Lélio blikket mot den vanskelege sorgprosessen Marina møter. Først og fremst frå den forferdelege familien til Orlando, som behandlar henne på nedrig vis. Det er ein god film, som likevel har eit eller anna uforløyst ved seg.
Vondskap
Der Lelio omfamnar det vakre og poetiske, utforskar den mexicanske filmskaparen Michel Franco ubehaget og vondskapen. April’s Daughter, som vann juryprisen i sideprogrammet i Cannes, er på mange måtar også ein europeisk film i måten han stilistisk nikkar til for eksempel Haneke og Polanski. Franco viser heile vegen vondskapen på ei armlengds avstand. Her i form av ei mor frå helvete: Når April (Emma Suarez) trer inn i historia for å hjelpe den gravide tenåringsdottera Valeria, begynner vi gradvis å forstå kvifor Valeria i utgangspunktet ikkje ville ha hjelp frå mora. Samanlikna med Lélio og En fantastisk kvinne er Franco ikkje så mykje interessert i karakterstudium og kvifor karakterane handlar som dei gjer. Sånn sett held April fram med å vere ei gåte gjennom filmen, og eg saknar ei meir moralsk utforsking av henne. April må på ingen måte må stå til ansvar for det ho har gjort.
Ansvar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.