Film

Wes' verd

Wes Anderson sprenger Wes Anderson-skalaen.

Frå venstre Fisher Stevens, Jeffrey Wright, Tony Revolori og Bob Balaban i den nye filmen frå Wes Anderson.
Frå venstre Fisher Stevens, Jeffrey Wright, Tony Revolori og Bob Balaban i den nye filmen frå Wes Anderson.
Publisert

Etter ei innleiing i svartkvitt hamnar vi i Asteroid City, ei fiktiv grend med 87 innbyggjarar i ein ørken sørvest i USA der eit meteorkrater er den store attraksjonen. I 1955 trår Augie Steenbeck (Schwartzman) ut av bilen med den særs intelligente sonen Woodrow og tre namnlause små døtrer. Woodrow skal vere med på ei tevling for usannsynleg flinke born. Snart er det fullt av diverse rare figurar i ånda til regissør Wes Anderson.

Frenetisk flott

Det går sport i rollelista for regissøren. Oscar-vinnarar som Tilda Swinton, Tom Hanks og Adrian Brody har små roller. Pulp-vokalist Jarvis Cocker og den brasilianske stjerna Seu Jorge er nesten usynlege statistar. Megastjernene Margot Robbie, Willem Defoe og Jeff Goldblum får til saman eit par minutt.

Alle er med, bortsett frå Bill Murray som har spelt i kvar film av Anderson sidan Rushmore i 1998. Han vart nemleg sjuk med covid-19. Straumen av skodespelarar er kjappe, artige hint, men kan grense til mas.

Den evige stilisten Anderson held fram med knallsterke fargar. Det sprakar meir enn technicolor. Kulissane ser ut som ei scene bygd i eit studio på femtitalet. Det passar godt. Tallause små detaljar underheld augo.

Året 1955 aukar nostalgien i stilen. Filmen er tettpakka av filmhistorie og populærkultur, som namna til dei to sentrale figurane. Ein gjeng cowboyar tar ein trall og snakkar som dradd ut av ein western frå 50-talet. Ein tidsriktig variant av «Freight Train» av Elisabeth Cotten og andre flotte låtar skapar stemning. Det bognar av hint til 50-talsfilmar med romvesen og biljakt. Røynda med atomprøvesprengingar og militær makt har ein tydeleg plass.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement