Film
Viljens triumf
Supertheltfilmen Black Widow er rik på sterke trekk, men har òg typiske irritasjonsmoment.
Scarlett Johansson spelar hovudrolla i filmen som delvis vart innspelt i Hjørundfjorden.
Foto: Marvel Studios / Walt Disney Picture
Den nye filmen frå Marvel følgjer Natasha Romanoff (Johansson), som er ei «svart enke» som har kome seg ut av det totalitære regimet som styrer dei.
Saman med Yelena (Pugh), som også var spionbarn, skal ho gjere det ho kan for å frigjere dei andre som er fanga. Å gje dei fri vilje vil redde ein god del av ei verd smitta av den raude faren.
Hjernesprik
Den australske regissøren Cate Shortland imponerte med Lore (2012), ein genial tysk film om slutten av den andre verdskrigen som ein skulle ynskje krigshungrige norske regissørar hadde late seg inspirere av. Ho tar med seg teft i stil og tone.
Ambivalens og mørke i figurane har ho òg i fingrane. Heltar har som regel svin på skogen. Bortsett frå erkeskurken har alle potensial. Dei hjernevaska soldatane til vonde Dreykov er tvinga til å slåst mot frigjorde Natasha og Yelena. Desse to er smarte og kule karakterar spelte med glans av Scarlett Johansson og Florence Pugh.
Sistnemnde har diverre nokre lågpanna språklege trekk. Engelskspråklege folk som snakkar tullerussisk i storfilmar, øydelegg. Slik var det i slappe Red Sparrow (2018) og imponerande Tenet (2020). Ein held på klisjear og fordommar medan ein haussar opp til ny kald krig. Det er dumt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.