Vicky + Viggo
Vicky Krieps slår Viggo Mortensen i den romantiske westernen hans.
Vivienne (Vicky Krieps) innleier eit forhold til danske Holger (Viggo Mortensen) i det vestlege USA i 1860-åra.
Foto: Ymer Media
Western / Drama
Regi: Viggo Mortensen
Til verdens ende
(Orig.tit.: The Dead Don’t Hurt)
Med: Vicky Krieps, Viggo Mortensen, Solly McLeod
Kinofilm
Til verdens ende opnar med slutten. Vivienne (Krieps) trekker sitt siste sukk. Ein kar skyt og drep seks menneske. Holger (Mortensen) gravlegg Vivienne. Menn med makt og pengar dømmer feil mann for drapa. Holger rir ut med sonen på fanget. Spol tilbake.
Vi møter no fransk-kanadiske Vivienne som blir masa hòl i hovudet på av ein snobb, før ho får auge på ein barsk, venleg danske i San Francisco på 1860-talet. Straks bur dei avsides i Nevada. Dei har det godt saman. Men ein lokal dritsekk vi veit er ein framtidig drapsmann, lagar kvalm. Så fer Holger i krigen for å kjempe mot slaveri.
Romansen
Til verdens ende er eit romantisk drama forkledd som western. Vi får dvele ved eit sunt forhold og blømande kjærleik. Nokre klipp tilbake til barndommen viser at Vivienne alltid har vore eigenrådig, fri og fascinert av Jeanne d’Arc. Ho gjer som ho vil.
Vicky Krieps er perfekt for rolla. Ho har et solid register og verkar naturleg i sterke og svake stunder. Den luxemburgske stjerna har imponert i eit vell av filmar dei siste åra, til dømes i Phantom Thread, Corsage og Hélène & Mathieu.
Viggo Mortensen er kanskje ikkje Guds gåve til skodespelet, men han har sin røffe sjarm og eit venleg smil. At han var tøff til hest, lærte alle i Ringenes herre-trilogien. Han var uvanleg vanleg i regidebuten Falling. No er han ein rettvis og hardtarbeidande kar av få ord. Dynamikken mellom Mortensen og Krieps rimar, medan bonderomantikken er for god til å vere sann.
Draumen
Bruken av tidshopp knuser tidleg dei fleste illusjonar. Draumen om å drive jorda fredsælt ryk, som det ofte gjer i westernfilmar, sjølv om dei koloniserte glimrar med sitt fråvær her. I tillegg til alle dei daude i innleiinga kjem anna mørke.
Den store skurken Weston (McLeod) byr på grov vald med eit smil og høglydt rasisme. Hånlått akkompagnerer skot. At han har potensial for seksuelle overgrep i tillegg til drap, er det liten tvil om.
Solly McLeod er ein parodi i denne rolla. Om vi skal skulde på han eller regissøren, er uvisst. Han er ikkje den einaste karikaturen. Som skodespelar har Mortensen erfaring med langt meir ambisiøse variantar av western med argentinske auteurar som Lucrecia Martel i Zama og Lisandro Alonso i Eureka. Som filmskapar går han på meir opptrakka stiar.
Han hamrar inn poeng om dei mektige som rottar seg saman for å få meir. Vi ser røtene til ein ròten rettsstat der rike slepp unna og folk som ikkje har alle hestar heime, går til galgen. Regissøren hintar om at mykje er likt enno, og at det samstundes finst og fanst gode folk. Til verdens ende er ein heiderleg gamal western med alle sine avgrensingar, men aller mest er det ei kjærleikshistorie. Eg vil neppe minnast mykje meir enn ei knakande god Vicky Krieps.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nicolai Heiberg-Evenstad og Markus Lund er yngre enn fedrane sine, men likevel gode.
Foto: Norsk bridgeforbund
«Bridge er så vanedannande og tidkrevjande at det kan gå på kostnad av både studium, arbeid, kjærleiksliv, eigne born, barneborn og liknande.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement