Vi er ein nasjon, vi med
CANNES: Nasjonale trendar nyanserer nye tider.
Skjelvet var den mest populære norske filmen i Noreg i fjor.
Foto: Fantefilm / Nordisk film
Rapport
Focus: World Film Market Trends
Filmfestivalen i Cannes
Kinokultur lever eit rikt liv sjølv om mange strøymer filmar i sofaen. Den årlege rapporten frå røynda i filmbransjen kjem kvart år før festivalen i Cannes. Europa plar få fokus. EU sprikar. Sjølv om publikumstala i 2018 fall, finn ein vekst i mange land. Leiarane lid, med stor svikt i Tyskland og tilbakegang i både Frankrike og Italia. Storbritannia nådde derimot høgder dei ikkje har sett sidan 1970.
Publikumsvekst i Polen
Det gjorde dei med filmar frå USA. Stundom har Hollywood heimleg hjelp. Både Mamma Mia! Here We Go Again og Bohemian Rhapsody er med i topp fem. Frankrike, på si side, har store studio som stel plassar heilt i toppen med sjangerfilmar i serie. Les Tuche 3 slo nesten Incredibles 2. Korkje Tyskland eller Italia meistrar å få eigne filmar inn på topp ti. Der er alle frå USA. Ser ein bortom dei største, kan ein merke seg at Polen ikkje har hatt fleire folk på kino sidan kommunismen. Eit femte år med publikumsvekst kjem først og fremst på grunn av stor suksess for polske filmar. Dei fire filmane med flest selde billettar var polske. Om grunnen er nasjonalistisk kulturpolitikk, er kanskje sverdet tviegga.
I Noreg blømer òg nasjonalismen. På vitjingslista toppar rett nok meir musikal med ABBA, men så følgjer Skjelvet, Den 12. mann og Månelyst i Flåklypa før Preikestolen prydar Mission: Impossible – Fallout. Danskane drog heim ein nasjonal trippel på topp. Naboane våre i Russland tok òg første plass sjølv. Elleve og ein halv million såg Dvizhenie vverkh. Den knuste røysa av Disney på dei neste plassane.
Amerika og dei andre
Elles i verda styrer USA mykje. Sjølv såg dei berre eigne filmar. I resten av Amerika er dominansen deira brutal. Dei åtte største latinamerikanske filmlanda har til saman tre eigne filmar blant åtti plassar på sine topp ti. Det er trist, for folk frå regionen sopar inn Oscar-statuettar og andre prisar i bøtter og spann. I Oseania druknar det heimespøta totalt. I Sør-Afrika såg alle Black Panther. Asia har store unnatak med sterke tal frå Kina, Japan, Sør-Korea, India og Iran som vanleg.
Sidan april i fjor får ein no òg gå på kino i Saudi-Arabia, men dei ser berre filmar frå venene i USA. Duoen held fram med kulturell dominans på kvart sitt vis, mens andre land i verda viser veldig variasjon.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.