JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Vent og vondt

Magisk sosialrealisme frå Island er rørande, spennande og sjarmerande.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Addi er del av ein gutegjeng som fell utanfor. Ein dag bestemmer han seg for at mobbe­offeret Balli skal få bli ein del av gjengen.

Foto: Mer Filmdistribusjon

2392
20220624
2392
20220624

Drama

Regi: Gudmundur Arnar Gudmundsson

Beautiful Beings (Orig.tit.: Berdreymi)

Med: Birgir Dagur Bjarkason, Áskell Einar Pálmason, Viktor Benóny Benediktsson
Kinofilm

Balli (Áskell) er ein tynn, spak gut som blir mobba utan nåde. Først ser det ut som han er hovudfiguren i ei bekmørk historie om mobbing og marginalisering på Island. Så kjem Addi (Birgir) til. Det er draumane hans vi følgjer. Addi verkar meir som ein mild mobbar enn som eit offer. Han heng med slåstkjempa Konni (Viktor) og Siggi, som er nedst på rangstigen før Balli blir ferskingen. Alle kjem frå øydelagde heimar.

Sosialsaga

Miljøa som blir skildra, er brutale. Fattigdom, rus, grov vald, utanforskap, mobbing og valdtekt er nøkkelord. Regissør Gu¿mundur Arnar Gu¿mundsson held ikkje igjen på misera. Ei mor går på heroin. Om far ikkje slår, driv han med psykisk terror eller er fråverande eller daud. Stefedrar er verre.

Mor til Addi driv med draumetyding, spåkort og alt anna Addi ser på som overtru. Sjølv er han elendig på skulen, men er godt likt og litt diplomatisk. Gradvis snik draumar seg inn i røynda til Addi også på uventa vis. Smått magiske element er elegante estetisk. Slik skil soga seg frå meir Ken Loach-like skildringar frå dei lågare sosiale laga. Røynda er røff likevel.

Ny vin

Gutane hamnar ofte i konflikt med andre. Dei hakkar på kvarandre òg, men ein finn ekte vennskap i botnen. Til liks med førre filmen til Gu¿mundur, Hjartasteinn, er forholda mellom tenåringsgutar nydeleg skildra. Varme tonar og flott fotografi får fram det vakre trass i skiten realisme.

Alle dei fire ungdomane gjer framifrå prestasjonar i sine roller. Typane er tydelege, men manuset slepper gradvis fram nyansar i dei sentrale figurane. Ja, livet deira er prega av vald og rus, men vi kjem under huda på gutane. Bak det tøffe ytre kan ein finne noko ømt og nært. Dei er sårbare, heile hurven.

Beautiful Beings er særs fin å sjå på. Grimme utsikter utviklar seg til samansette og truverdige forteljingar som finn tilfelle av ljos i mørket, utan å glatte over realitetane for dei som hamnar utanfor. Gu¿mundur Arnar Gu¿mundsson står for handverk og hjarte. Han har laga endå ein vakker og rørande film.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis