Vellaga historisk drama, men danskane pløyer ikkje ny jord.
Filmmelding: Bastarden (regi: Nicolaj Arcel)
Mads Mikkelsen i rolla som Ludvig Kahlen.
Foto: Henrik Ohsten / Nordisk Film Distribusjon
Drama
Regi: Nicolaj Arcel
Bastarden
Med: Mads Mikkelsen, Amanda Collin, Kristine Kujath Thorp, Simon Bennebjerg
Kinofilm
I 1755 vil Ludvig Kahlen (Mikkelsen) kolonisere og dyrke dei vonlaust ufruktbare heiene på Jylland. Rentekammeret i København lèt den fattige veteranen fare nordover for at kongen skal tru at nokon bryr seg. Rundt der Kahlen byggjer, styrer fyllebøtte, psykopat og landeigar Frederik de Schinkel (Bennebjerg).
Han har selskap av den snille kusina si, Edel (Kujath Thorp), som er nyfiken på Kahlen. Det vankar drama når Kahlen tar inn eit par som har flykta frå tyrannen Schinkel.
Flinke folk
Mads Mikkelsen har alltid vore ein påliteleg skodespelar. Det seier seg nesten sjølv at han gjer ein solid jobb som Ludvig Kahlen. Han er ein humørlaus og heiderleg hardhaus. Den oppgåva taklar Mikkelsen med mild, muskuløs, fysisk framtoning. Kristine Kujath Thorp glimtar til på dansk og gjev figuren sin menneskelege trekk som er meir truverdige enn manus skulle tilseie.
Alt er prikkfritt. Kostyme, kamera, mjuk kontinuitetsklipp. Heile koppelet kan jobben sin. Symfoniorkesteret stryk på for dei som treng hjelp til å tolke kva som er trist, kva som er muntert og kva som er spennande.
«Dei med makt løyser frykt for dei under seg med vald. Elles kjennest Bastarden traust.»
Håkon Tveit
Litt mykje
Historia om at store delar av vetle Danmark blei koloniserte så seint, var ukjent for meg. Det vekkjer interessa. Omgrepsbruken, rasismen og verdssynet liknar andre koloniseringsprosessar. Tomt landskap, folkegrupper ein vil fjerne, og gudgjeven rett er kjent. Ein sta mann har eit mål han aldri vil vike frå, utan at eg kan sjå at det er viktig. Det er vanleg i sjangeren.
Superskurken Schenkel er brutal. Han er i overkant karikert. Dei romantiske delane av filmen minner i meste laget om såpeopera. Regissør Nikolaj Arcel får med fine parallellar om makt, der ei lita bille verkar farleg for ei jente, brun jente skremmer kvite vaksne, og bastarden Kahlen i filmtittelen truar adelege Schinkel.
Dei med makt løyser frykt for dei under seg med vald. Elles kjennest Bastarden traust. Eg får kjensla av å ha sett det meste før trass i nytt tema. Arcel har laga historisk drama med Mads Mikkelsen før, med En kongelig affære. Den hadde eg gløymt. Det gjer eg diverre truleg snart med Bastarden òg.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.