Film
Vanleg jul
Filmen om Skomakergata er ikkje tru mot serien, men byr likevel på lite nytt.
Kaya Ekerholt McCurley i rolla som Stine. Kåre Conradi spelar skomakar Andersen.
Foto: Nordisk Film / Karianne
Den folkekjære fjernsynsserien Jul i Skomakergata har fått ein filmversjon med skomakar Andersen (Conradi) og andre figurar frå serien i nye variantar. No er Stine (McCurley) hovudfiguren. Jenta er blindpassasjer og hoppar av toget i Skomakergata ein plass i Gudbrandsdalen. Ho er på rømmen i den første adventstida etter krigen.
Då ho snik seg inn gjennom ei luke i døra hjå skomakar Andersen, er han særs skeptisk og freistar bli kvitt henne. Han går aldri ut, og slepper ingen inn. Ho er standhaftig. Kanskje kan dei to etter kvart dele løyndomane sine og bli venner.
Då NRK ikkje ville vise serien lenger, blei det haraball. Eg veit ikkje om denne filmen er rett medisin for dei som saknar gamle dagar. Her er ingen Tøfflus og ingen Jon Blund. Alle magiske element er vekke.
Nye gamle klutar
Lenkja frå serien til FNs barnerettskonvensjon er òg fjernare når vi treng ho som mest. Andersen har tatt ei sosial kuvending og skyr folk som pesten. Inni er han eigentleg god, sjølv om han har øydelagt forholdet til dottera.
Når alt det er sagt, er dette ein godlynt og i all hovudsak harmlaus film. Den første julen i Skomakergata har distinkt gamalmodig stil og stemning. At biletet frys ved to høve idet forteljaren introduserer ein figur, endrar ikkje det, men er snarare eit malplassert stilbrot stole frå meir idérike filmar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.