Film

Vakker-dyster filmatisering

Den nye filmversjonen av Fuglane er mørk, men rørande.

Regissør Anders T. Andersen spelar sjølv rolla som Mattis i den nye filmatiseringa av romanen til Tarjei Vesaas.
Regissør Anders T. Andersen spelar sjølv rolla som Mattis i den nye filmatiseringa av romanen til Tarjei Vesaas.
Publisert

Romanen Fuglane av Vesaas er som kjent ein internasjonal klassikar og har i år vore i skotet på fleire arenaer. To ulike teaterversjonar (Riksteatret og Nordland Teater) har vore på omfattande turnear, og nyleg fekk ein flunka ny filmversjon premiere. Filmen er heilt klårt eit såkalla labour of love for skodespelaren og regissøren Anders T. Andersen. Han har både regi og hovudrolle i filmen, han er medforfattar av filmmanuset, og han er medprodusent. Så muskuløst evnerik som herr Andersen framstår med denne produksjonen, er det eit smilande tankekors at den historia han har trong til å formidle, er nett den om annleismennesket, mennesket som kjem til kort i den dynamiske effektiviteten i normalverda. Tarjei Vesaas kom ikkje til kort, og det gjer ikkje Anders T. Andersen heller. Men båe har dei tydelegvis visst noko om det.

Svartkvitt

I påfallande vakre svartkvittbilete, der naturen og dyrelivet spelar med på eit uvanleg magisk vis, møter vi att personane og situasjonane frå romanen i sekvensar som er ladde med både varme og spenning. Nokre scener er òg mystiske og skumle, som når Mattis’ draumar, og tankane hans, vert projiserte i flukt med den reelle handlinga. I rolla som Mattis har Anders T. Andersen ein var og stillfaren personlegdom som i nærbilete syner glimt av desperasjonen i det å kjenne seg utilstrekkeleg.

Gode pust av varme kjem det elles frå skodespelarane i dei andre rollene, mellom dei Andrine Sæther som systera Hege, Henrik Rafaelsen som den trygge Jørgen, Jan Sælid og Marte Engebrigtsen som bonden og kona hans og Thea Borring Lande som den gåtefullt blide godjenta i potetåkeren.

Hypnotiserande

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement