JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Vakker, vellaga og rørande

Filmmelding: All of Us Strangers

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Adam (Andrew Scott) og Henry (Paul Mescal) i forteljinga om kjærleik, traume og aksept, skriven og regissert av Andrew Haigh.

Foto: Parisa Taghizadeh / Searchlight Pictures

2330
20240216
2330
20240216

Magisk romantikk

Andrew Haigh flettar fantasi inn i ei vakker og sår kjærleikshistorie.

Drama

Regi: Andrew Haigh

All of Us Strangers

Med: Andrew Scott, Paul
Mescal, Claire Foy
Kinofilm

Blokka forfattaren Adam (Scott) bur i, er nesten tom. London verkar mest som ein dyster draum. Adam skriv bok der foreldra er sentrale. Han slit. Ein kveld kjem naboen Harry (Mescal) på døra. Han er full, fin og hyggjeleg. Det kan bli byrjinga på eit vakkert naboskap. Flørtinga er tydeleg.

Meir Mescal

Den britiske regissøren Andrew Haigh har veksla vellukka mellom fjernsynsseriar som den søte Looking (2014) og filmar som det strålande dramaet 45 år (2015), med Charlotte Rampling i ei av sine beste roller. Haigh kan få det beste ut av skodespelarar.

I All of Us Strangers er både Andrew Scott i hovudrolla og Paul Mescal som nyfiken nabo og ny type nydelege. Båe har ein mild framtoning med såre trekk under smila. Samtalane flyt sakte og ekte. Mescal følgjer opp den nydelege, Oscar-nominerte rolla i Aftersun (2022) med liknande lun melankoli. Han ser vi gjerne meir av. Dynamikken med Scott er flott.

Det magiske elementet i filmen ligg i ein uvanleg premiss som fungerer overraskande bra. Sjølv om det kan verke som ei stor spenningsspolering, avslører alle handlingsreferat og traileren at Adam vitjar foreldra. Han er i førtiåra, men dei døydde då han var tolv år. Denne vrien tek ein fort for god fisk.

Mimremagi

Til liks med meir tradisjonelle fantasyfilmar gjev det fantastiske grobotn for å grunde på mange ting. Korleis ville foreldra sett på sonen no? Er han vellukka? Kva har endra seg i samfunnet når det gjeld synet på homofili? Kva skulle ein helst gjort om att, annleis? Det blir fleire turar til rekkjehuset. Leiken med minne er til hjelp for han og publikum. Filmen tener på trikset intellektuelt og ikkje minst emosjonelt.

Trass i fine, varme figurar vaker mørket biletleg og bokstaveleg. Neonljos fyller dunkle rom. «Always on My Mind» i versjonen til Pet Shop Boys dundrar fengjande og sørgmodig. Andrew Haig er ein trygg forteljar og får som før fram sterke kjensler i meg. All of Us Strangers er vakker, vellaga og rørande.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Cecilie Hellestveit

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis