Utmerkt uhyggjeleg underhaldning
Jordan Peele lagar støtt kule, smarte skrekkfilmar.
Daniel Kaluuya spelar hovudrolla i filmen, som er regissert av Jordan Peele.
Foto: Universal Pictures
THRILLER/SKREKK
Regi: Jordan Peele
Nope
Med: Daniel Kaluuya, Keke Palmer, Brandon Perea
Kinofilm
OJ (Kaluuya) trenar hestar for Hollywood på familieranchen. Den mutte cowboyen treng hjelp av den energiske, snakkesalige systera Em (Palmer) i møte med filmbransjen etter at faren døydde. Det går trått. Dei må selje hestar til ein temapark nedi dalen. Snart skjer rare ting på himmelkvelvingen. Ørkenlandskapet i California er klassisk UFO-landskap. Finst det noko der ute?
Kvitmala gjerde
Nope opnar med at ein sjimpanse har laga blodbad av eit fjernsynsstudio der han er ein sentral figur. Scena gjev bakgrunn for ein figur i filmen, men mest viser ho kor gale det kan gå når ein utnyttar dyr i underhaldning. Filmen kjem med rikelege stikk til showbransjen i brei forstand. Det går ein raud tråd frå USAs Julius-variant til fascinasjonen for UFO-ar. Tidleg er det klart at filmfolk ikkje forstår eller har respekt for andre skapningar. OJ er ikkje imponert.
Eit av signaturtrekka til regissøren Jordan Peele er teften for å få fram opplevinga av å vere svart i USA. Her får vi drypp retta mot filmverda. At Hollywood har kvitmåla den historiske cowboyfiguren, er snedig lagt fram. Omgrepet var jo først nedsetjande, nettopp om svarte menn som passa kveg. Peele skil seg ut blant sjangerregissørar og riv ned hinder for kven som kan ha kva roller.
Eg tippar eg ikkje er den einaste som etter å ha sett Nope vil sjå Pistolpredikanten (1972) med Sidney Poitier og Harry Belafonte snarast råd. Peele krydrar raust med populærkulturelle referansar, ofte med humor ein humrar av. Det løgne ligg attmed det nifse.
Spetakkel rockar
Når det overnaturlege tar av, er ikkje alt bygd på vasstett logikk, men stemninga held heilt inn. Spenning er sikra i storslegen kamp mot eit skummelt vesen. Vi får spetakkel i meir enn éi meining. Kjærleiken til sjangerfilm går hjå Peele hand i hand med kritikk av bransjen.
Nope er ikkje like forfriskande smart som Get Out eller like heilskapleg i samfunnskritikken som Us, men Peele har alltid fine perspektiv med originale vriar. Igjen er ein ny skrekkfilm frå Jordan Peele verd å vente på.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Jordan Peele har alltid fine perspektiv med originale vriar.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.