JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Ut igjen

Erik Poppe gjer den nye Utvandrarna til ei solid påminning om skandinavisk migrasjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det er uråd å sjå den påkosta filmen til den norske nestoren Erik Poppe utan å spørje seg sjølv om ein ny versjon er naudsynt.

Foto: Filmweb

2823
20220902
2823
20220902

drama

Regi: Erik Poppe

Utvandrerne (Orig.tit.: Utvandrarna)

Med: Lisa Carlehed, Gustav Skarsgård, Tove Lo
Kinofilm

Kristina (Carlehed) ser tilbake frå kjerra ho, ungane og mannen Karl Oskar (Skarsgård) sit i mens dei hausten 1849 rullar ut frå garden i Småland mot det usikre. Eit skip til Amerika ventar. Dei forlèt skrinne kår i eit strengt samfunn. Ferda er strabasiøs og farleg. Verda på den andre sida av havet er ukjend og skummel. Fridom kostar.

Livets rett

Filmatiseringa Jan Troell gjorde av tetralogien til Vilhelm Moberg på syttitalet, er tvillaust eit klassisk verk i skandinavisk film. Det er uråd å sjå den påkosta filmen til den norske nestoren Erik Poppe utan å spørje seg sjølv om ein ny versjon er naudsynt.

Svenske kritikarar har helst nok med sin versjon, der Liv Ullmann spelte Kristina. Eg byrjar med same skepsis, men små, tydelege grep frå manusforfattarane Anna Bache-Wiig og Siv Rajendram Eliassen gjev rettferd til orda frå Poppe om at dette er ein film om migrasjon i dag. Han vil minne oss om likskapane. Folk kan sørgje over å vere lausrivne frå røtene samtidig som gamlelandet er ei tvangstrøye. Konflikten mellom Kristina, som held fast, og Karl-Oskar, som vil rive seg laus, er universell for migrasjon, uavhengig av tid og stad.

Desperasjonen som gjer at familien forlèt heimbygda, er samansett, men svolt er sentralt. Ein kvittar seg ikkje lett med korkje sosial kontroll eller religiøs fatalisme. Dei skandinaviske miljøa i USA var ofte prega av luthersk fanatisme.

Den brutale behandlinga av urfolk under «framhaldskolonialismen» i dei nye landa i Amerika på 1800-talet, har ikkje fått plass. Det er gjerne greitt, sidan det ville gjere forteljinga vrien å overføre til svenske tilstandar i dag. Ulike utsnitt sender snarare tankar til usikre båtar i Middelhavet og tog på veg nordover i Mexico. Det manglar ikkje på rørande lagnader.

Store strøk

Erik Poppe balanserer mellom det episk engasjerande og svulstig melodrama. Musikken tek plass. Den faste fotografen John Christian Rosenlund målar breitt. Han tok nok ein kikk på filmar av Terrence Malick før han førte kamera gjennom stråa og veksla mellom små marihøner på hud og store sveip med folk i varm sol.

I hovudrolla tek Lisa Carlehed med hell opp arven etter Liv Ullmann. Hennar forteljarstemme gjev ein litterær tone. Gustav Skarsgård er ingen Max von Sydow som Karl Oskar, men gjer ikkje skam på seg. I det store og det heile er Utvandrerne stødig. Tydelege vink til i dag gjer at ein får nok å tenkje på. Tidlause historier toler stundom nye tolkingar.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tidlause historier toler stundom nye tolkingar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis