Film
Uklar moro
Hjelperytteren får mange poeng for originalitet, færre for utføring.

Det vert ramaskrik då stjernesyklisten Kimberly «Kim» Karlsen (Salomonsen) står fram og innrømmer at ho dopa seg i årevis. Ektemannen Peter (Høiner) og assistenten Marie-Louise (Tveterås) står fyrst last og brast ved hennar side, men så brest det heile. Var det verdt tilståinga når alt kom til alt?
Livssyklist
Det me vil ha, er ein angrande syndar, noko som kom uvanleg klart fram då Therese Johaug vart teken for doping i 2016. Internasjonalt har knapt nokon fått meir merksemd for å ha ført folk bak lyset enn syklisten Lance Armstrong. Og det er sykkelidretten regissør Jacobsen har valt som bakgrunn for å visa fram kor overmoralske me kan verta, alle som éin. Innstillinga hovudperson Kim har til doping, kjennest frigjerande ukorrekt trass i at eg ikkje er einig med henne. Er det verkeleg så farleg å ta nokre snarvegar? Er det ikkje uansett dei som er flinkast som kjem til å vinna? «Alle» kollegaene driv uansett med doping. Moralismen er påtrengande i media, me vil gjerne ha vinnarar, men endå meir vil me ha skurkar. Skal ein noko til livs her, er det hykleriet, ikkje dopingforbodet.
Ikkje klok
Det er noko forfriskande over både historia og vinklinga, elegant løyst med musikk av Peder Kjellsby og fin klypping av Jon Endre Mørk og Marta Sæverud. Det er ganske småabsurde sekvensar som dukkar opp i Hjelperytteren: elefantar som viser veg til galaksar, draumar med tungetale. Likevel synest eg det underlegaste er forholdet Kim har til ungane sine, som om dei knapt betyr noko. Om dette grepet er gjort med vilje, forstår eg det ikkje heilt.
Balansen mellom drama og komedie er til tider utydeleg. Det tek tid før dei medverkande klarar å markera seg, noko som kjennest forvirrande. Ektemannen Peter vert eg aldri klok på. Kanskje det er eit snedig grep for å sjå verda med Kims nye briller på? Silje Salomonsen spelar rolla som Kim med ei slags flat innleving, noko eg heller ikkje vert klok på. Hjelperytteren spriker mykje heile vegen, det er noko inkonsekvent over filmen. Eg ler, men sit med kjensla av at det er meininga at eg skulle ledd meir.