Film

Turboreprise

François Ozon når ikkje Rainer Werner Fassbinder til knea med si nyinnspeling på høggir.

Filmskaparen Peter vert spelt av Denis Ménochet.
Filmskaparen Peter vert spelt av Denis Ménochet.
Publisert

Meisterverket Petra von Kants bitre tårer av tyske Rainer Werner Fassbinder frå 1972 er grunnlaget for den siste filmen til den produktive franske filmskaparen François Ozon. Motedesignar Petra er bytt ut med filmskapar Peter (Ménochet). Båe er hemningslause egoistar og narsissistar.

Den stumme, kua tenaren Marlene heiter no Karl. Objektet for lysta til hovudfiguren er no Amir (Ben Gharbia), snarare enn Karin. Venninna heitar framleis Sidonie (Adjani).

Peter forelskar seg i Amir og hersar med alle andre. Dei er framleis i Tyskland i 1972, men språket er fransk, og det går unna.

45 rpm

Ideen bak Peter von Kant er artig. Diverre set eg mindre pris på resultatet enn tanken. François Ozon er ein dyktig regissør, sjølv om han ofte ikkje er særskild interessant. Ein solid porsjon av dialogen i Peter von Kant er ordrett lik versjonen frå 1972. Det er slåande og kjekt korleis ein kan seie nøyaktig det same og skape ei totalt annleis kjensle i publikum. Alt skodespel kan gjere!

Høgt tempo og store fakter endrar alt. Den bekmørke stemninga frå originalen er bytt ut med komikk. Sjølv om ingen verkar selje filmen som komedie, ser eg parodi og farse i kvart klipp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement