JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Trim for yngre

Magnus von Horn er ein av dei spenstigaste regissørane i både Polen og Sverige.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sylwia (Magdalena Kolesnik) er ein ung og ambisiøs fitnessinfluencer med 600.000 følgjarar på Instagram.

Foto: Mer Filmdistribusjon

2527
20210702
2527
20210702

DRAMA

Regi: Magnus von Horn

Sweat

Med: Magdalena Kolesnik, Julian Swiezewski, Aleksandra Konieczna
Kinofilm

Sylwia (Kolesnik) har 600.000 følgjarar på Instagram. Ho leier store kollektive treningsøkter på kjøpesenter i polske storbyar. Alt skal på nett. Går ho opp trappa, eller lagar ho seg noko flytande næring, sender ho ein videosnutt til tilhengjarane.

Viktigast er det å dele kva gåver ho får frå Olympus Nutrition og den slags. Ho er ein vaskeekte fitness influencer. Vi møter henne gjennom nokre døgn med identitetskrise, bursdagsselskap hjå mora og møter med fans og kollegar. Det er intenst.

Strålefare

Regissøren Magnus von Horn kvir seg ikkje for å gå i djupna hjå figurar eg er skeptisk til. Det lukkast han stort med. Den djerve og lekre debuten Etterskjelv følgde ein ungdom som har gjort noko skrekkeleg. Sweat er fullstendig framand for ein filmmeldar utan smarttelefon som aldri har prøvd treningsstudio.

Alt Sylwia syslar med, slår meg som heilt meiningslaust. Likevel blir eg påverka og heiar på henne. Von Horn får meg med på laget med hjelpa til ei rågod Magdalena Kolesnik i hovudrolla. Ho strålar energi og uro. Formidlinga av eit ambivalent sjølvbilete er nyansert og sterk. Veksling mellom hylling til intense rytmar og stille einsemd byggjer opp forståinga av kjenslelivet til ei som ved første augekast liknar eit strigla skal.

Livet i rosa

Alt er rosa og neon. Kameraet fangar det glatte, men er tidvis ekstremt nærgåande. Det fremjar det kroppslege i jobben til Sylwia utan spekulativt blikk. Linsa kjem nesten borti neglefila. Nærbileta syner det sårbare.

Kolesnik får god bruk for ekspressive auge. Ho er høgt og lågt. Roxette riv i høgtalarane på bilen, og Sylwia peikar på seg sjølv medan ho syng «The Look». Musikkbruken er førebiletleg. Ofte gjev stilla plass til at låge lydar får sterk effekt. Mykje forstyrrar. Korkje tilbedarar, agentar eller familie dempar stress.

Svenske von Horn gjekk filmskulen i Lódz og bur i Warszawa. Han kjenner Polen. Filmen har fine polske særtrekk, men historia er like universell som ho er aktuell. Kroppspress, sosiale medium, mental helse, uønskt seksuell merksemd og einsemd er i tida. Sweat kjem med fine kommentarar om desse temaa med ei fengjande forteljing og glitrande stil. Vonleg ser både yngre og eldre filmen på kino.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis