Trikoloren
Topp fransk trio står bak ein fin film om vennskap, kjærleik og sex.
Émilie (Zhang) jobbar som telefonseljar. Når læraren Camille (Samba) bankar på for ei visning, er ho skeptisk.
Foto: Shanna Besson / Ymer Media
Drama
Regi: Jacques Audiard
Paris: En kjærlighetshistorie (Orig.tit.: Les Olympiades)
Med: Lucie Zhang, Makita Samba, Noémie Merlant
Kinofilm
Émilie (Zhang) jobbar som telefonseljar. Når læraren Camille (Samba) bankar på for ei visning, er ho skeptisk. Ho sikta mot kvinner, men Camille er ein mann. Snart er dei likevel hybelkameratar, sexpartnarar, kranglefantar og venner. I ei parallell historie som tidsnok blir fletta inn, kjem Nora (Merlant) til Paris for å studere, sjølv om ho har bikka tretti år. Ho gler seg. Lite veit ho om kor nådelause medstudentar kan vere. Etter ein smell som gjer grufullt vondt i hjarta, freistar ho finne nye vegar.
Skrivekunsten
Manuset til Paris: En kjærlighetshistorie er skrive av ein tindrande trio. Regissør Jacques Audiard har laga filmar som Profeten (2009), Rust og Bein (2012) og Dheepan (2015). Han står altså for solide suksessar som sel og fenger. Med seg har han ein av dei beste franske filmskaparane, Céline Sciamma, som spesielt er kjend for kraftfulle Portrett av en kvinne i flammer (2019). Ho veit å meisle ut truverdige figurar, frie for klisjear knytte til kjønn.
Dei to har selskap av Léa Mysius, som viste seg som ei av dei friskaste nye stemmene i fransk film med debuten Ava i 2017. Ho tilfører ungdommeleg råskap. Saman har dei skrive ein film som underheld, rører og kjennest ekte. Figurane vi møter, er heilskaplege, fulle av feil og elskverdige.
Byfolka
Dei tre sentrale skodespelarane gjer ein glitrande jobb. Lucie Zhang og Makita Samba er ukjende, men gåverike. Båe spelar nyansert. Der Zhang har ei energisk uro, er Samba snarare stoisk. Noémie Merlant er reine ringreven og viser heile registeret sitt her: glede og sorg, einsemd og lyst, frykt og styrke. Ho er super.
Alle er unge vaksne som freistar finne seg sjølv, både profesjonelt, sosialt og i kjønnsliv og kjærleik. Originaltittelen Les Olympiades siktar til eit nabolag i Paris, bygd for at unge med utdanning skulle ha flust av val på arbeidsfronten. Å hamne i jobb på rett hylle til greie vilkår er likevel ikkje lett i Frankrike i dag.
I stilisert svartkvit foto og leikent ljos skin kjærleiken til byen. Likeins har Audiard, Sciamma og Mysius kjærleik til figurane dei skildrar, og såleis til folka som bur i byen. Slikt borgar for ei kjekk kinooppleving.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei tre sentrale skodespelarane gjer ein glitrande jobb.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.