Film

Tregtekkeleg

History of Love er ein vakker film med lite innhald.

Mor til tenåringsdottera Iva (Doroteja Nadrah) misser livet i ei bilulukke. I sorgarbeidet oppdagar ho at mor hennar hadde ein løyndom saman med dirigenten Erik (Kristoffer Joner).
Mor til tenåringsdottera Iva (Doroteja Nadrah) misser livet i ei bilulukke. I sorgarbeidet oppdagar ho at mor hennar hadde ein løyndom saman med dirigenten Erik (Kristoffer Joner).

Drama

Regi: Sonja Prosenc

History of Love

Med: Doroteja Nadrah, Kristoffer Joner, Matej Zemljic

Unge Iva (Nadrah) slit med spørsmåla som svirrar etter at mora har omkomme i ei bilulukke der ho sjølv sat i bilen. Mora var konsertpianist, og eit av spørsmåla er kva forhold ho og dirigenten (Joner) eigentleg hadde.

Tynnpining

Det er vakkert. Fotosekvensar og lyddesign med kroppar som treffer vatnet og bobler som stig. Alt er klokkeklart, saktefilm. Som ein reklame for det siste innan kamerateknikk eller lydsystem til heimekinoen. Det mest påtakelege er at dette er hovudinntrykket heilt frå starten og gjev seg ikkje utover i History of Love – vakkert, glatt, innhaldslaust.

Filmen er forsøkt fylt med kjensleladde nærbilete der alle frå Iva til faren til broren til dirigenten til mora får lov å dvela framfor kameraet med blanke ansiktsuttrykk – fyll inn det som passar. Og det som passar, er for det meste at sorga over å ha mista mora, kona og elskaren er tung. Når ein skal smørja det nokså lite komplekse dilemmaet ut over 105 minutt, seier det seg sjølv at det blir tynt.

Dissymfoni

Viss ein film skal innehalde så mykje usagt, bør det vesle dei seier, vera verdt å høyra på. Og om dei har symbolske draumar, bør det gå an å leggja noko i dei.

Eg slit med å høyra og sjå anna enn det eg høyrer og ser. Heldigvis høyrer eg flott musikk, og eg likar å sjå Kristoffer Joner dirigera. Under øvingane saman med Stavanger symfoniorkester skal husorganisten i konserthuset ha uttalt at han framleis har til gode å sjå ein skodespelar dirigera truverdig på film. Det kan eg ikkje uttala meg om, men det funkar for meg. Det gjer i grunnen alle skodespelarane, sjølv om eg synest det blir lite spenst når eit såpass stort register er lagt for dagen.

Forgløymmegei

Eg vil gjerne sjå meir frå regissør Sonja Prosenc, som alt har vunne prisar og åtgaum for History of Love. Eg har ikkje stor kjennskap til slovensk film eller kultur og samfunn, og dei store spørsmåla er sjølvsagt universelle, men det skader ikkje at ramma er ei eg ikkje har sett tusen gongar før. Då skulle eg gjerne sett at sjølve biletet også var meir originalt, fargerikt og med fleire lag.

Det er noko forgløymeleg over heile filmen, eit mangel på engasjement og bodskap – ikkje dårleg, berre forgløymeleg.