Trefrontskrigen
Krig, kjærleik og nasjonalisme pregar ein ny heilstøypt storfilm om Napoleon.
Napoleon er ein av filmane som har premiere denne veka.
Foto: Filmweb
Action / Drama / Biografi
Regi: Ridley Scott
Napoleon
Med: Joaquin Phoenix, Vanessa Kirby, Tahar Rahim
Kinofilm
Napoleon byrjar i revolusjonsåret 1789, og i løpet av få minutt har Marie Antoinette mist hovudet og Robespierre har vist blodtørsten under «skrekkveldet». Den ambisiøse Napoleon Bonaparte (Phoenix) fyk fort inn på scena og opp i rekkjene. Vi fossar gjennom livet hans med hovudvekt på militære slag, forholdet til kona Joséphine (Kirby) og fransk maktkamp.
Ikonet Ikaros
Joaquin Phoenix er ein av dei mest ikoniske skodespelarane i sin generasjon. Han er stor som Napoleon. Andletet kler rolla. Kamera kviler ofte på mannen i den ikoniske hatten. Figuren er samansett, frå grueleg eigesjuk og nådelaus til usikker og kjærleg. Detaljar rufsar til både glansbiletet og skrekkeksempelet. Det taktiske geniet har ein hang til hybris. Ikonet glir over i lagnaden til Ikaros. Vanessa Kirby gjer òg ein god jobb som Joséphine, ein mindre heilskapleg figur, sjølv om ho er like trygg og målretta som ho er illojal og opportunistisk. Sjalusidrama og formeiring får mykje plass, men historikaren Lorris Chevalier er med på laget, og breva frå Napoleon er ei god kjelde. Heimefronten er like turbulent som frontlina.
Frontane er steile også mellom ulike politiske aktørar. Skrikande folkemengder, trillande pianotonar og høge parykkar er kjende scener frå filmar lagde til åra etter revolusjonen i Frankrike. Kulissane er kolossale og pynten prangar slik han skal. Slagscenene kjem tett. Flotte panoramautsnitt av slagmarker blir brotne av blodsprut. Mange slag er nemnde, mange gløymde. Tre millionar døydde i slag Napoleon var sentral i.
Evige epos
Det er nesten 100 år sidan den grenselaust ambisiøse Napoléon frå 1927 av Abel Gance. Ridley Scott har til samanlikning lite nytt å kome med filmhistorisk. Eposet til Gance var revolusjonært mellom anna i kamerabruk og klipp. Scott har sikkert sett klassikaren, men narrativt er han meir nyansert. Likevel finn eg lite som seier at vi treng endå ein film om denne endelaust omtala figuren. Filmen har lite av det leikne frå nyare historiske filmar som Corsage av Marie Kreutzer frå i fjor eller Marie Antoinette av Sofia Coppola frå 2006. Nye perspektiv på krig vantar òg. Framleis snakkar også alle engelsk i dei liksom globale anglosentriske forteljingane frå Hollywood.
Napoleon er ein solid og spektakulær episk film av den gamle skulen som passar CV-en til Ridley Scott saman med Gladiatoren (2000) og andre krigerske kostymedrama. Scott debuterte med The Duellists i 1977, lagd til dei same Napoleonskrigane. Kanskje ringen er slutta. Åttifemåringen har gjeve oss ei mengd vellaga filmar. Napoleon er ikkje noko unnatak.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.