Treffande trikolor
De elendige er spennande, truverdig, aktuell og balansert – og berre enormt bra.
Ladj Lys film var Oscar-nominert til beste utanlandske film og vann juryprisen på filmfestivalen i Cannes i fjor.
Foto: Selmer Media
ACTION / DRAMA
Regi: Ladj Ly
De elendige (Orig.tittel: Les Misérables)
Med: Damien Bonnard, Alexis Manenti, Djebril Zonga, Issa Perica
Opningsscena av De elendige kokar. Folk flokkar til sentrum av Paris for å sjå VM-finalen i 2018. Til og med forstadsungdom feirar med Champs-Élysées og Eiffeltårnet som kulissar. Flagg og bluss vaiar. Alle syng nasjonalsongen. Dagen etter startar ferskingen «Brylkrem» Ruiz (Bonnard) i krimgruppa til «Den rosa grisen» (Manenti) og Gwada (Zonga) i forstaden Montfermeil. Ein ny dag truar mellom blokkene med bortstua borgarar som er vane med brutalitet frå ordensmakta. Unge Issa (Perica) irriterer heile maktsjiktet med å stele høner, men ein dag skaper påfunna hans meir bråk enn vanleg.
Usosial kontrakt
Regissøren Ladj Ly voks sjølv opp i same strøket. Han har ein treffsikker teft for nyansar. Den einaste moralpreika kjem frå orda til Victor Hugo om at det ikkje finst dårlege planter eller folk, berre dårlege dyrkarar. Ly peikar korkje på politi eller røvar, men på tiår med leiarar som har late usosiale forhold bløme til stigande sinne hjå dei miserable. Nett som på 1800-talet.
Sjølv om politiet har ein kriminell framgangsmåte og brukar eit diskriminerande språk som ein kan assosiere med gjengkultur, er dei heile menneske. På same sett er ikkje banlieuen busett av ubrukelege, truande typar som passar i verdsbiletet til røvaren Nicolas Sarkozy. Ly har ikkje laga ein tradisjonell film om gjengvold eller ekstremisme. Som Hugo går Ly langt i å seie at sinnet er rettvist.
Asosiale media
Estetisk slår De elendige hardt. Dei mest kaotiske scenene er sette i scene med presisjon og intensitet. Kameraføringa gjev oppjaga stemning. Der andre filmar tyr til dronar for å få billege oversiktsbilete, har dronar her ein effekt som hevar nivået. Både bruken av sosiale medium til overvaking og bruken av kamera for å filme maktovergrep gjer den franske klassikaren moderne. Det sosiale spelet er samansett, òg på nett. Når mediedekkinga manglar menneskeleg djupn, er denne forteljinga verkeleg verdifull.
God gjeng
Viktige poeng blir formidla i små glimt, men nok til at vi føler med folk. Rollegalleriet liknar kortfilmen med same namn som Ly laga i 2017. Frå gateleiar «Ordføraren» og doplangar «Neven» til teknologinerden «Buzz», spelt av sonen til regissøren, er det ingen ende på rikdommen av figurar. Ingen er reine, makteslause offer, same kor mykje staten har svikta dei. Sjølv dei som er med i ein augneblink, kan få fleire sider. Eg enda med å heia på nesten alle. Skodespelarane er eit superlag. Ladj Ly har med seg gode folk i alle ledd.
Om du tenkjer «gjesp, De elendige igjen», tek du feil. Ly har laga den mest relevante og spennande franske filmen på lenge. Han er subtilt kompleks, handlingsmetta og hardtslåande. Eg heldt pusten fleire gonger. Eg tørka meir enn éi tåre. Eg tilrår filmen med hjartet og hjernen.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ly har laga den mest relevante franske filmen på lenge.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.