Film

Torturkammeret

Den stramme filmatiseringa av teaterstykket Toves værelse er sterk og skrekkeleg.

Paprika Steen og Lars Brygman i filmatiseringa av teaterstykket basert på ei bok av Tove Ditlevsen.
Paprika Steen og Lars Brygman i filmatiseringa av teaterstykket basert på ei bok av Tove Ditlevsen.
Publisert

Den vidgjetne danske forfattaren Tove Ditlevsen (Steen) får forfattarspira Klaus (Fjelstrup) på vitjing til lunsj. Ektemannen Victor (Brygmann) spyr ut audmjukande angrep mot kona. Han hevdar å vere intellektuelt overlegen og ha lært henne alt ho veit om litteratur. Snaps, sild og øl står på menyen, men Tove tyr i tillegg til opiatsprøyta mellom slaga.

Tett

Kammerspelet skjer i stova, med korte blikk til andre rom. Scenarioet frå sekstitalet er stilreint. Eg slit med å rive meg laus frå inntrykket av at dette er meir teater enn film. Stilen er meir cinematisk i snuttar der kameraet kryp heilt nært på huda, gjerne på dei berre føtene til Tove med naglelakk. Avbrekka er stutte.

Jakob Weis har skrive eit stramt manus basert på sitt eige teaterstykke, som igjen kjem av romanen Vilhelms værelse, som Ditlevsen skreiv med rot i røynda. Paprika Steen og Lars Brygmann spelte hovudrollene på scena. Det gjer dei her òg, og dei glitrar. Spesielt Steen er ein straum av nyansar. Ho er sårbar, skarp, sadistisk og psykisk sjuk.

Sveitt

Dialogen rablar av garde i eit tussete tempo. Hatske, hånlege replikkar haglar. Victor er ein arrogant og kvalm type. Mest alt som blir sagt, er nedverdigande, meint for å torturere kvarandre. Maktkampen i rommet er rå. Grovt språk og konstant sårande spit om rus, litteratur og klasse gjer filmen til ei stressande oppleving. «Patetiske, rimfaste klisjear» møter «utrunka hengepikkar». Alt hatet er slitsamt. Hint om kjønn og krenkingar gjev glimt av notid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement