Film
Tor på tur
Det minst forstyrrande er at Tor med hammaren, reinkarnert i ein norskamerikanar, ikkje styrer kjenslene sine.

Skada og forvirra surrar ein norskamerikanar rundt i Hardangerfjorden. Eric (Wolff) har med kreftene sine sett fyr på ein gard, og når lensmannen i Odda (Frisch) fakkar han, kallar dei inn psykolog Christine (Akerlie) for å sjå om ho kan finna ut kva som styrer han. Gneistar slår, både mellom dei og frå hendene til Eric.
Ros
Det er mykje å rosa regissør André Øvredal for: at han brukar originale innspelingsstader, at han torer utfordra gamle, norske mytar (han stod for Trolljegeren i 2010), rett og slett at han kastar litt Hollywood-glans over trauste film-Noreg. Men betyr det at han med Torden har laga ein bra film? Det blir å gje han ufortent ros. Det vert for mykje av det søkte. Av ein eller anna grunn synst eg Trolljegeren var meir «truverdig», i den forstand at når du skal filma eit fullstendig usannsynleg scenario, hjelper det at elementa rundt er truverdige. Det sviktar slik på detaljane at det går utover heilskapen. Kva er oddsa for at ein norskamerikanar som har reist heile vegen for å treffa slektningane sine, ikkje veit at det heiter takk på norsk? Som eit utruleg enkelt døme. Det er faktisk meir sannsynleg at han er Tor med hammaren, spør du meg.
Ris
Eg er kanskje i overkant opphengt i dialektbruk i film, og Øvredal skal igjen ha ros for innsatsen på å vekta målføremangfald. Og igjen ris for at han ikkje har vore meir streng med lensmannen, spelt av Per Frisch, som i eine augeblinken snakkar rogalandsk, i andre ganske overtydande harding, så rein «teaternynorsk», før han har austlandsk aksent når han snakkar engelsk. Gaaah! Det er så forstyrrande!
Likeins irriterer eg meg over hovudpersonen Eric og dei øydeleggjande kreftene hans. Kanskje det er meint symbolsk, men for meg vert det iallfall tydeleg at dumme, sjølvopptekne folk ikkje burde få for mykje makt. Det er også tydeleg at vestlandsnatur og trendy norrøn mytologi ikkje er nok til å laga gode spelefilmar.