To sider av same India
Overklassemann fell for tenestejente i eit drama som er sterkast som skildring av det indiske klassesamfunnet.
Bryllaupet er avlyst, og hushjelpa Ratka (Shome) blir åleine med ungkaren Aswin (Gomber).
DRAMA
Regi: Rohena Gera
Sir
Med: Tillotama Shome, Vivek Gomber
Ratka (Shome), ei ung enke frå landsbygda, reiser til Mumbai for å jobbe som hushjelp for eit nygift overklassepar. I det ho trer inn i det nye livet, får ho vite at noko har skjedd. Bryllaupet er avlyst, og Ratkas jobb er no å ta seg av han som no er ungkar, Ashwin (Gomber). Eller sir, som Rakta vørdsamt kallar han.
Kasteball
Sir er eit drama om umogleg kjærleik i det moderne, urbane India. Etter kvart som Ratka steller for Ashwin, ligg ein romanse i lufta. Men først og fremst er filmen ei utforsking av det rigide indiske klassesystemet. Hovudpersonen Ratka, som kjem frå underklassen, drøymer om eit liv som motedesignar. Ho prøver å gå i lære hjå ein skreddar, men får berre beskjed om å vaske og gjere ærend for han. Ashwin lever eit liv i overflod, men er konstant molefonken i blikket. Han budde ein gong i New York og var skribent, men flytta attende for å jobbe for faren, ein bustadentreprenør.
Klassekamp
«Eg trudde livet til rike berre var lett», forkynner Ratka til Ashwin i ei scene. Dei står på taket og ser ut over Mumbai. Ho skjønar at bak fasaden og velstanden er det ikkje berre lukke og fridom. I eit gjennompolarisert samfunn er alle til sjuande og sist slavar av systemet. Likevel er det ingen tvil om kvar regissør Rohena Gera har sympatien: hjå Ratka og kampen hennar for å klatre på den sosiale rangstigen. Ho er ein sterk karakter som er bygd ut med ei truverdig og interessant forhistorie.
Filmens problem er Ashwin. Gera har brukt så mykje tid på Ratkas perspektiv at karakteren hans blir blank og utan kjerne. Dermed spenner filmen også bein under si eiga kjærleikshistorie, som Ratka er den første til å vere skeptisk til. «Kva vil mor di seie?» kommenterer ho taktfullt. Det er ein romanse som aldri kan skje for open scene.
Utbyttande kjærleik
Eg blir her mint på filosofen Slavoj Zizeks analyse av Titanic, der filmens kjærleikshistorie berre er nok eit døme på borgarskapets utbytting av proletariatet. Rik overklassedame går gjennom ei livskrise og blir vitalisert av arbeidarklassemann. Det same gjeld for sir. Ashwin blir vekt til live av Ratkas driv og vilje, men det er ein kjærleik som aldri kan bli fullbyrda. Romansar kjem og går, klassesamfunnet består.
SONDRE ÅKERVIK
Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Filmens problem
er Ashwin.
Fleire artiklar
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
I Like to Sleep har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?