Film
The Drumond Show
Til å vera eit så skrullete konsept fungerer det over all forventning.

Det godt vaksne ekteparet Drumond, Victor (Auteuil) og Marianne (Ardant), held på å verta frynsete i kvarandre sitt selskap, noko sonen rapporterer til barndomskompisen Antoine (Canet) om. Antoine driv eit heller underleg konsept der han hyrar inn skodespelarar til rike interessentar som betaler dyre dommar for å gjenoppleva den finaste tida dei kan tenkja seg, anten i livet sitt eller heilt andre epokar av historia. Det Victor vil meir enn noko, er å gå tilbake i tida, til den dagen på syttitalet då han og Marianne fyrste gong treftest. Antoines av-og-på-kjærast Margot (Tillier) passar perfekt til rolla som Marianne.
Brukeleg
Om du ikkje mista interessa etter den oppsummeringa, er det ikkje verst berre det! For konseptet er rimeleg søkt, det må seiast med ein gong. Eg trur heller ikkje det har vore intensjonen til filmskapar Nicolas Bedos å vinna nokon pris for beste naturalistiske drama. At han likevel har hatt ambisjonar, er utvilsamt. Han må ha hatt pengesterke folk i ryggen for å støtta ein så ekstravagant og godt gjennomført produksjon, og utan ville Den skjønne tiden måtte kallast Den ubrukelege tida i staden. Ein vill idé er verd lite og inkje om han ikkje kan setjast ut i verda på overtydande vis, og her er eg for det meste overtydd. Slike overflodshorn som dette ynskjer eg velkomen, om berre for å minna om at filmar godt kan vera grenselaust fantasifulle framleis.
Musikalsk
Nicolas Bedos fortener skryt for innsatsen sin – han har regissert, skrive manus og delvis komponert filmmusikken. Såleis vidarefører han den franske auteur-nemninga, som enkelt sagt tyder at filmskaparen påverkar resultatet utover å berre vera regissør. Musikken er vesentleg i Den skjønne tiden, tankane går til Michael Nymans tettpakka komposisjonar til Peter Greenaway-klassikaren Kokken, tyven, hans kone og hennes elsker (1989), berre hakket mindre enerverande og intens, heldigvis. Elles minner filmen, av opplagde grunnar, om The Truman Show (1998, regi: Peter Weir). Medan Truman (spelt av Jim Carrey) ikkje er klar over at heile verda hans er iscenesett, har Victor sjølv gått med på å lata som at alle rundt han er verkelege idet dei gjenskapar det glade syttitalet på stamkafeen hans. Tøysete, så absolutt, men skikkeleg underhaldande er det.
Skjønt
Og så er det noko herleg over å sjå ringrevane Daniel Auteuil og Fanny Ardant i rollane som ekteparet Drumond, som eit lunt, godt brukt teppe ein tek på seg når ein verkeleg skal kosa seg. Og kosa seg gjer ein. Den skjønne tiden klarer å kombinera forholdsdrama, komedie, nostalgi og ei framtidspositivisme oppi all degginga for gamle dagar. Det er trass alt herleg å ikkje røyka nonstop innandørs eller bli klapsa på baken av fulle menn utan å mukka. Verda går framover, og ingenting viser det betre enn å ta eit blikk tilbake til den skjønne tida som heldigvis er forbi.