Teikn i tida
Denne animerte bragda om afghansk flukt bør både folkevalde og folk flest sjå.
Dokumentarfilmen om Kasper og Amin vart vald ut til Cannesfestivalen i fjor.
Foto: Final Cut for Real
DOKUMENTAR
Regi: Jonas Poher
Rasmussen
Flukt (Orig.tit.: Flee)
Med: Daniel Karimyar, Fardin Mijdzadeh, Milad Eskandari
Kinofilm
Akademikaren Amin er vellukka. Afghanaren er busett i Danmark med ein mann han skal gifte seg med. Barndomsvenen Jonas er dokumentarfilmskapar og skal lage film om historiene Amin aldri har fortalt. Han opnar seg om flukta frå Afghanistan til Danmark tidleg på nittitalet. Det var ingen enkel veg. Historia hans er samansett, lærerik, opprivande og viktig.
Anonymt arkiv
Teikningane har to ulike stilar. Det meste av filmen held seg i ein tradisjonell fransk stil med rein strek. Stundom kjem nokre marerittliknande sekvensar i svartkvitt, som liknar skisser med blyant. Desse er ekstra effektfulle og fine.
Arkivmaterialet frå Afghanistan på åttitalet og Russland på nittitalet gjev god kjensle av samanheng til den anonymiserte, animerte forteljinga med lyden av dei ferske intervjua med Amin. Minne om actionfilmar med Jean-Claude van Damme frå barndomen og meksikansk såpeopera dubba til russisk friskar opp.
Bruken av skodespelarar til å legge lyd på barneåra gjer saman med bruk av animasjon at filmen vakar mellom dokumentar og fiksjon. Det passar godt og gjer at Flukt skil seg frå mange dokumentarfilmar om både flukt og Afghanistan.
Altfor aktuell
Når USA finansierer Osama bin Laden og forløparane til Taliban i von om å skape eit Vietnam for Sovjetunionen i 1989, er det ein solid dose lagnadsironi på gang sett frå i dag. At scenene frå den tida er så til forveksling like scenene frå august 2021 er ikkje til å tole.
Flukt vart vald ut til Cannes-festivalen i fjor, men vart utsett på grunn av pandemien. At dei dramatiske endringane i Afghanistan kom rett før kinopremieren her til lands, er difor tilfeldig, men ein lyt håpa at det gjev ein ekstra motivasjon til å løyse billett for både byråkratar, politikarar og andre medmenneske.
Amin er ein type som Danmark gjerne sender til døden i heimlandet, med ein tvilsam asylsøknad. Flukt er farleg. Å flykte som barn er traumatisk.
Denne filmen gjev djup innsikt i kva det kostar, kva ein sit att med, og korleis det påverkar livet vidare. Filmen er rørande, vakker og vond. Vi skuldar folk som Amin å høyre på forteljingane deira, og å ta imot dei med opne armar etter at vi har kriga i landet deira i tjue år.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.