Tannlaus vampyr
Irma Vep la grunnlaget for substantivet vamp, men du skal leita lenge etter noko mindre vampete enn Alicia Vikander.
Alicia Vikander spelar hovudrolla som Irma Vep.
Foto: HBO Max
Drama
Regi: Olivier Assayas
Irma Vep
Med: Alicia Vikander, Vincent Macaigne, Lars Eidinger, Vincent Lacoste
Kinofilm
Spenn fast setebeltet og innstill deg på ein metaserie om ein metafilm om ein stumfilm frå 1916! Mira (Vikander) skal spela rolla som Irma Vep i ei nyinnspeling av filmserien Les Vampires, som det også vart laga ein ny versjon av i 1996 med same regissør, René Vidal (Macaigne). Ein haug med primadonnaer i staben og ein mildt sagt ustabil regissør skapar forviklingar så det held.
Det er uråd å snakka om Irma Vep utan å koma innom originalen med same tittel. Ikkje berre er handlinga, komplikasjonane og frustrasjonane dei same (kort sagt: livet i filmbransjen er langt frå glamorøst), men det blir vist til filmen både med klipp og med besøk av tittelrollefiguren frå 1996-versjonen, berre spela av Vivian Wu, ikkje Maggie Cheung.
Stormannsgalen
Snedig og forvirrande, det kan eg lova, og på same måte som originalen er herleg nittitals, er nyinnspelinga særs tjuetjuetals i stilen. Det mest påfallande er at om det verka smalt å laga ein film på halvannan time om Les Vampires i 1996, så er det lov å laga ein serie på åtte timar om nøyaktig det same i 2022.
Eg reknar med at René Vidal nok ein gong skal førestilla den verkelege regissøren Olivier Assayas, og då må eg rekna med ein heil del, gitt. Ikkje minst må eg gje han kudos for å ha mykje sjølvironi, for du skal leita lenge etter ein meir prototyp galen kunstnarkarakter enn denne.
Han gjer narr av dei seksuelle fantasiane til regissøren, men er ikkje Irma Vep Assayas’ kontinuerlege fantasi? Han blir stadig eldre, men hovuddamene hans held seg unge og vakre, og i motsetning til Irma Vep frå 1916 er dei syltynne og uttrykkslause.
Nisja
Om eg synest Maggie Cheung var sånn passeleg mystisk i 1996-versjonen, så slit eg skikkeleg med å skjøna meg på tolkinga til Alicia Vikander. Ho manglar totalt utstråling, og når ho halvslapt, med flimrande augelokk og knirkestemme bedyrar at ho er oppteken av sterke kvinneroller og kor fantastisk Musidora er i rolla som Irma Vep frå 1916, så trur eg ikkje på ho ein plass.
Det florerer med karakterar her, dei aller fleste usympatiske og sjarmlause, nokre aldeles ustyrtelege, slik som den tyske crackavhengige Gottfried, nydeleg spela av Lars Eidinger. Men den spontane, frie stilen frå Irma Vep-filmen manglar. Det får vera så snedig og ambisiøst det berre vil, men for å sitera ein av investorane i serien: Dette er ei nisjesatsing, ikkje meint for eit breitt publikum.
Eg har ei kjensle av, basert på dei fyrste fire episodane som er tilgjengelege for filmmeldarane, at eg ikkje er tilstrekkeleg nysgjerrig på om Irma Vep kjem i mål med kva det no er som er målet med dette. På andre sida: Sjå originalen frå 1996, det var eit gledeleg gjensyn!
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

På same måte som originalen er herleg nittitals, er nyinnspelinga særs tjuetjuetals i stilen.
Fleire artiklar
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Studentar mot politi ved Columbia- universitetet 30. april, då Palestina- aktivist-leiren skulle rivast.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Ekko frå sekstiåra
Demonstrasjonane mot Israel og Gaza-krigen på universitet i USA vekkjer til live minnet om studentoppstandane i seksti- og syttiåra.
Eit portrett av filosofen Germaine de Staël, ein sveitsisk filosof som levde og virka 17- og 1800-talet. Ho er ei av fleire kvinnelege filosofar som har fått meir merksemd dei siste åra, ikkje minst takka vere arbeidet til filosof Kristin Gjesdal.
Filosofiske forviklingar
Professor Tove Pettersen meiner filosofifaget har eit likestillingsproblem.