Film

Syndig sommar

Francois Ozon er seg sjølv lik: ein lettbeint, pratsam og mørk fransk estetikar.

David (Benjamin Voisin) og Alexis (Felix Léfèvre) flørtar sommaren 1985.
David (Benjamin Voisin) og Alexis (Felix Léfèvre) flørtar sommaren 1985.
Publisert

Sola skin over Normandie på høgda av sommaren i 1985. Sekstenåringen Alexis (Léfèvre) kantrar aleine på segltur. David (Voisin) kjem til unnsetning. Den attenårige kjekkasen er handlekraftig og tek sin nye venn med heim til den overkjærlege mora (Tedeschi). Det er starten på ein vill vennskap.

Varmt og vent

Over bileta går vitnemålet til Alexis, som fortel om kva som leidde fram til at David døydde den sommaren. Morbide dragningar skakar autoritetar. Vissa om ein bekmørk slutt vakar i bakgrunnen. Likevel er filmen oppstemd. Tempoet er høgt. Forteljarstemma går frenetisk som berre fransk film kan tillate seg.

«In Between Days» med The Cure dansar florlett over den sommaren alt skjedde. Lyden av stemninga er så sentral at regissøren Francois Ozon visstnok bytta filmtittel til året singelen kom ut for å blidgjere Robert Smith.

Fargane veltar varmt mot ein. Alt ser så bra ut som berre ein skilsetjande sommar farga av minne og gamal 16-millimeterfilm kan gjere.

Lett på tråden

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement