Film

Sving lågt

Fem nyansar av halvhjarta humor gjev heilbom.

To sambuarpar som ønskjer meir spenning i kvardagen, møtest på ein swingersklubb.
To sambuarpar som ønskjer meir spenning i kvardagen, møtest på ein swingersklubb.
Publisert

I Trondheim keiar to par seg. Veronika (Røsten) les 50 Shades og vil vekke villdyret i Ulf André (Ali), som helst snikrar hagenissar. Stig (Henriksen) er rik C-kjendis og vulgær nordlending. Han vil få med dama si på ei sprelsk bursdagsfeiring. Partnarbyte skal piffe opp para.

Klisne klisjear

Regissør Stig Frode Henriksen vil finne minste felles multiplum i Midt-Noreg med humor skapt for å halde i hevd klisjear om Nord-Noreg. Alt er platt. Dialogen er dårleg, og ikkje ein einaste av dei profilerte folka i rollene verkar rå over noko register som skodespelarar. Overraskingane som dukkar opp undervegs, er korkje originale eller smarte. Ei tredje historie med ei halv­naken Kristine Ullebø som vil ligge med ein RBK-spelar, er ei anemisk avsporing. Dumme fotballspelarar er ikkje direkte djervt. Skikkeleg sliten blir ein av at to menn som kyssar, er morosamt og litt ekkelt, medan to damer som gjer det same, er heitt.

Null lått

I brukarrettleiinga til filmen står det «komedie». Ikkje éin einaste gong lo eg. Ingen snedige kommentarar tvinga fram eit lite smil. Veike vink til Hva vil folk si og Heimebane held ikkje.

Når skamlause Stig seier «pikkvidering» og «ballane mine er i ditt hjørne», er det tiltenkt teit, men låtten lèt vente på seg. At «rimtimtim» refererer til rim, ikkje rimming, slår heller ikkje an. Ingen skal skulde Henriksen for å vere pretensiøs. Han appellerer ærleg til dei enkle sidene våre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement