Film
Svanesong for storkar
Quentin Tarantino tek seg god tid til å hylle svunne, stilfulle tider.
Brad Pitt, Leonardo DiCaprio og Al Pacino i den nye Quentin Tarantino-filmen, som har ein tittel som hyllar Sergio Leone.
Foto: Andrew Cooper / Sony / SF Studios
Fiktive Rick (DiCaprio) er ei falmande westernstjerne som rullar med stuntmannen sin, Cliff (Pitt), i Hollywood i 1969. Agenten vil at Rick skal reise til Italia for å vere stjerne i spagettiwestern heller enn skurk i USA. Gamaldagse Rick ser det som ein nådestøyt og freistar drukne karrierekrisa i sprit. Naboane Sharon Tate og Roman Polanski er den nye vinen.
Jubileum
Filmen ser sanneleg bra ut. Som vanleg har Tarantino brukt god gamaldags 35mm-film. Blandinga av fjernsynsbilete og filmklipp med solid rekonstruksjon gjer seg. Alt er stilig. Tarantino har alltid vore ein nostalgisk filmnerd. Hint kryr til eitt og hitt i hollywoodsk historie. Tittelen hyllar Sergio Leone, og lydsporet er tettpakka av fengande slagerar. Filmen er reine femtiårsjubileet for 1969. Alle er inviterte. Ein haug stjerner stiller opp i små roller, frå Al Pacino og Kurt Russell til Dakota Fanning og Lena Dunham. Som i mange jubileum vil alle feste, men innhaldet spriker.
Scenesamling
Strukturen er slapp. Historia til Sharon Tate vantar djupn og verkar festa på for å vise miljøet. Ein del scener tek lengre tid enn naudsynt og er lite poengterte. Som tidsbilete lukkast filmen i å få fram ei stemning, men strammare saks i klippen hadde høvt. Scener der pastisjperfeksjonisten Tarantino trenger seg på, er best.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.