Film

Supersedat zombiesatire

Jim Jarmusch har laga ein slapp, kjekk zombiekomedie med kule kjentfolk.

Bill Murray, Chloë Sevigny og Adam Driver i den nye Jim Jarmusch-filmen.
Bill Murray, Chloë Sevigny og Adam Driver i den nye Jim Jarmusch-filmen.
Publisert

Centreville er ein søvnig småby. Trass i lovnadar om tryggleik frå styresmakter og energiselskap, har polar, hydraulisk frakturering («fracking») gjort at aksen som jorda sviv rundt, er skakkøyrd. Dyra dreg, sola står skeivt opp og dei daude vaknar med stor appetitt for menneskekjøt.

– Dette går aldri bra, seier politimannen Ronnie (Driver) til sin sindig optimistiske (eller sedate) sjef Cliff (Murray).

Skakk nerd

Indiehelten Jarmusch laga ein særs stilisert vampyrfilm med Only Lovers Left Alive. Når han no tek for seg zombiefilmen er det på skakt sett, utan å vere skummel eller seriøs. Sjølv med skrekkfilmens endetidstematikk med miljøkatastrofe og forbrukarsamfunn, er The Dead Don’t Die ein stillfarande, sakte komedie med slapp satire som tøysar med sjangeren. Nostalgien nøytraliserer anakronismar. Referansane renn over. Nerden i heimspøta Nosferatu-trøye får skryt av draumedama for filmkunnskapen når han seier at hipsterbilen hennar er så Romero. Eg smiler skeivt.

Låg terskel

Filmskaparen har fritt leide no. Rollelista gjorde vegen til raud løpar i Cannes kort. Tilda Swinton svingar samuraisverd som skotte. Iggy Pop er kaffitørst zombie og Tom Waits eremitt. Selena Gomez og Danny Glover gjev god stemning, og Rosie Perez, RZA, Chloë Sevigny og Steve Buscemi fullfører rollelista til ein lojal regissør som elskar det eksentriske.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement