Film

Streng stille

Stramt estetisk om estiske søsken som slikkar såra sine.

Syskenparet vert spelt av Rea Lest og Reimo Sagor.
Syskenparet vert spelt av Rea Lest og Reimo Sagor.
Publisert

Ein kar ruslar langs vegen i estiske skogar. Ein bil plukkar han opp. Han pratar til sjåføren, men ho er taus. I ein halvtime. Sakte, men sikkert forstår vi at dei kjenner kvarandre. Dei er faktisk sysken. Detaljar frå ei fortid full av mørke kjem gradvis fram.

Sår skam

Same historie får tre rundar i det nokre har kalla ein triptyk, med trekk frå filmklassikaren Demonenes port (Rashomon). Regissør Martti Helde slepper informasjon subtilt. Innsikt kjem snikande. Tittelen tyder på at stilla er ein tradisjon i nord, der sorg, skam og sår skal teiast i hel. Handlinga skjer i Estland, men skandinavar ser poenget. Trass i tredelinga med motstridande variantar av møtet mellom syskena er Scandinavian Silence ein enkel film. Vi ser igjen ein biltur, ei kantinevitjing og eit møte med ein politibil. Såra er djupe, svara få.

Stødig format

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement