Film

Storslage epos frå Colombia

Alle som elskar eller hatar narkoseriar, må sjå denne flotte, rike, spennande filmen.

Filmen byggjer laust på starten av narkotikasmuglinga frå Colombia til USA.
Filmen byggjer laust på starten av narkotikasmuglinga frå Colombia til USA.
Publisert

Året er 1968 på Guajira-halvøya nord i Colombia. Rapayet (Acosta) vil gifte seg med Zaida (Reyes), men må følgje skikkane til wayuufolket og skaffe tretti geiter, tjue kyr og ein solid porsjon halskjede i medgift til den strenge mora Úrsula (Martínez). Kravet krev kreativitet. Saman med kamerat og handelskompanjong Moisés (Narváez) må friaren auke ambisjonsnivået frå kaffisal. At ungdom frå USA er i strøket for å spreie frykt for kommunisme, høver godt. Dei vil ha marihuana, noko ein onkel dyrkar til medisinsk bruk. Slik byrjar ei episk soge om velstand og vald.

Klassisk og ny

Birds of Passage byggjer laust på starten av colombiansk smugling av rusmiddel til USA. Stilistisk peikar filmen til westernsjangeren, frå utsnitt med hint til John Ford til stemningar som siktar mot Sergio Leone. Samstundes er inspirasjonen frå mafiafilmar som Gudfaren og Scarface lett å sjå. Mykje er likevel eige. Wayuufolk har vore delaktige i prosessen. Mytar og ritual er sentrale. Det er historia deira regissørane Cristina Gallego og Ciro Guerra har fått fordjupe seg i.

Musikken av meksikanske Leonardo Heiblum er genial. Han kjennest original og skapar spenning. Fotograferinga er flott, med slåande tablå. Filmen fråssar ikkje i estetisert vald eller endelause skytescener, sjølv om det blir blodig. Guerra har sagt at han ikkje ville lage ei feiring av vald, slik mange filmar med liknande tematikk er. Takk for det. Som i dei førre filmane hans, El abrazo de la serpiente (Slangens omfamning) og Djevelens trekkspill, er det ei nyting å sjå vakre landskap og flotte fjes.

Skulddeling

Spesielt José Vicente Cote i rolla som bodberaren Peregrino er kul, men Carmiña Martínez som matriark er best, med intenst blikk og minimal mimikk. Ho er ein av fleire figurar som balanserer mellom prinsipp og pragmatisme. Som familieoverhovud vil ho halde på tradisjonar og kritiserer utskeiingar, men ho har sin del av skulda når ting går skeis. Det same gjeld Rapayet. Vi vil båe vel, trass i feila deira.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement