JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Store saker

Når filmverda samlar seg i Cannes, er det kjende namn i digre salar og mange filmar om viktige tema.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Léa Seydoux i opningsfilmen til Quentin Dupieux i Cannes.

Foto: Chi-Fou-Mi / Arte France Cinema

5835
20240524
5835
20240524

Festival de Cannes

Cannes 14. til 25. mai

Før den store filmfestivalen i Cannes opna, var det som før snakk om mogeleg streik, nyhende om overgrep og korleis geopolitikk spelar inn på den hemningslause hyllinga av film som var på trappene. 35.000 bransjefolk frå rundt 160 land er samla på croisetten. Stemninga i filmbransjen er spent.

I den franske opningsfilmen The Second Act av Quentin Dupieux skravlar Louis Garrel, Léa Seydoux og Vincent Lindon om tilstanden i ein sjølvmedviten metakomedie, liksom regissert av kunstig intelligens. Det kunne ha vore morosamt, men er irriterande, keisamt og langdryge 80 minutt. Kvar scene trekker ut. At figuren til Lindon får telefon frå Hollywood, er eit artig vink til to av stormaktene i filmverda.

Globalisering

Frankrike angreip Mexico to gonger på 1800-talet. No har den franske stjerneregissøren Jacques Audiard invadert landet i ånda, utan å ha kryssa Atlanteren. Med haugevis av pengar har han laga Emilia Pérez i heimlandet med skodespelarar frå USA og Spania, med handling lagd til Mexico.

Musikalen om ein narkoboss som tek kjønnsstadfestande operasjon, blir rosa. Zoe Zaldana er god i hovudrolla, men musikken er slapp. Sensasjonsjag og leik med liding er ein trist tradisjon. Motehuset Saint Laurent bruker underhaldningsfilmen til reklame. Audiard såg neppe den smarte harseleringa med slike filmar av Amat Escalante i Lost in the Night i Cannes i fjor. Eg er ikkje imponert.

Det er eg heller ikkje over Limonov – the Ballad av ukrainske Kirill Serebrennikov. Han har fått den elles glitrande britiske skodespelaren Ben Whishaw til å snakke med tullete «russisk aksent» for å skape illusjon om faktisk russisk frå den sprøtt samansette figuren Eduard Limonov frå røynda. Vekslinga i stil er fin, men filmen er full av klisjear knytte til kunstnarar, kjønn og russarar. Nei takk.

Den italienske regissøren Roberto Minervini er mannen bak filmen om borgarkrigen i USA.

Foto: Okta Film Pulpa Film

Eg likte mykje betre The Damned av italienske Roberto Minervini om borgarkrigen i USA, ein krigsfilm nesten strippa for krigsscener. Krig er mykje venting. Når fienden er nær, ser ein lite, men frykt, forvirring og sorg kjem kjapt. USA er òg vagt til stades i The Village Next to Paradise, den første somaliske filmen nokosinne i det offisielle programmet i Cannes. Regissøren Mo Harawe sjarmerer. At barneskulen i landsbyen stenger, høyrest kjent ut for norske øyre. At borna må vite korleis ein skal unngå dronebombing, eller at mora døydde då ein trålar spylte ho på havet frå den vetle fiskebåten fordi dei trudde dei var piratar, det er vi ikkje vane med. Vi finn geopolitikk i klisjéfulle The Locust av den taiwanske kunstnaren Keff. Dystre skuggar pregar verdsbiletet i Taipei medan protestane i Hongkong blir brutalt slått ned i 2019.

Sjåføren Marmagade (Ahmed Ali Farah) og sonen Cigaal (Ahmed Mohamud Saleban) i den første somaliske filmen som har vore med i Cannes-festivalen.

Foto: Totem Films

Overgrep og arbeid

Det er ikkje berre engelsk fotball, journalistdrap og henging av folk som ytrar misnøye på Facebook, som tel no. Dei har jamvel filmen Norah av Tawfik Alzaidi i Cannes. Her er det prinsippa til Marx som tel. Brørne, ikkje Karl.

Noreg er ein annan oljestat med ambisjonar. Vi finansierer film frå andre land i tillegg til å huse internasjonale produksjonar. Everybody Loves Touda av marokkanske Nabil Ayouch er eit sterkt musikalsk drama om sexisme og nydeleg tradisjonell song der den guatemalanske tromsøværingen Elisa Pirir er medprodusent.

Ein favoritt av dei tretti første filmane eg har sett, er zambiske On Becoming a Guinea Fowl av Rungano Nyoni. Ho er ein strålande stilsikker regissør som har eit meisterleg grep om forteljinga si knytt til tradisjonar, overgrep, ulikskap og familie i Zambia. Alle burde bli perlehøns som skrik når rovdyr er på ferde.

«Krig er mykje venting. Når fienden er nær, ser du lite, men frykt, forvirring og sorg kjem kjapt.»

Indiske Santosh av Sandhya Suri er den mest spennande filmen så langt. Vi møter ei enkje som arvar politijobben til mannen. Ho må berre ha litt sans for rettferd og sjå på alle kastar som menneske for å gjere ein betre jobb enn mange politifolk, men fallgruvene er mange. Når ei dalitjente blir funnen valdteken og drepen, kjem den store testen.

Lugubre forhold mellom tennistrenarar og tenåringar er tema i intense Julie Keeps Quiet av Leonardo Van Dijl frå Belgia. Filmen er så lågmælt som tittelen hintar om. Det er vanskeleg å vere perlehøns i toppidrettsmiljø.

I den flotte portugisiske dokumentarfilmen Savanna and the Mountain av Paulo Carneiro manglar ein landsby arbeidsplassar, men folk engasjerer seg når eit gruveselskap skal øydeleggje fagre fjell i området for å hente ut litium til elbilar i Noreg og Tyskland.

Underhaldning

I kinesiske Black Dog av Guan Hu møter vi ein kar som kjem ut av fengsel rett før OL i 2008. Han får jobb med å hanke inn laushundar som skal ryddast unna for å strigle landet. Ein etter rykta rabiat hund er ein trussel, men som Screen Daily skreiv, er dette ein hjartevarm film med nærast Lassie-aktige trekk. Ein Palm Dog bør vanke.

Argentinske Hernán Rosselli voks opp med ein slags Sopranos-familie som nabo. I Something Old, Something New, Something Borrowed har han fått naboane med på å spele seg sjølve i ein høgst original og underhaldande film om arbeidet deira med å styre lokale pengespel og anna snusk. Tittelen viser forma, der gamle familievideoar, overvakingskamera og iscenesetjing smeltar imponerande saman.

Samansetjinga av programmet i Cannes som heilskap er brei. Festivalsjefen Thierry Frémaux vil helst ikkje snakke om politikk og trøbbel utanom i filmane. Det beste hadde vore om folk slutta med overgrep og folkemord og gav arbeidarar levelege høve. Om ikkje anna trekkjer mange av filmane på den staselege festivalen i Cannes i rett retning på dei frontane.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Opningsfilmen i Cannes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Samfunn

Handlingsplanar til liten nytte?

Forskarar, tenkjetankar og byråkratar har produsert ei mengd rapportar og planar til hjelp for norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som er stranda i utlandet.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis