Film
Stilig, skite slit
Robert Eggers lagar kjekk og ekkel skrekk med humor og heilstøypt stil.
William Dafoe og Robert Pattinson spelar fyrvaktarane.
Foto: Eric Chakeen / United International Pictures
Omstreifaren Ephraim Winslow (Pattinson) skal hjelpe surpompen Thomas Wake (Dafoe) på eit fyr i havgapet i New England på tampen av 1800-tallet. Der er det lite ljos og lite varme å hente. Hjelpesveinen slit og sklir sakte mot vanvit under den tyranniske slasken Wake.
Grovarbeid
Regissør Robert Eggers har teke utgangspunkt i journalar frå fyrbøtarar og tekstar av Herman Melville for skildringa av livet på den vêrbitne holmen. Gris og kroppsvesker av alle slag flyt friare enn fantasien som gradvis vrenger verdsbiletet til nykommaren Ephraim. Robert Pattinson visar at han høyrer like mykje heime i ambisiøse auteurfilmar som i lettselte seriefilmar. Fjeset til Willem Dafoe gjer seg ypparleg som fyrbøtar i dunkelt ljos.
Trass i kjeldebruk ligg The Lighthouse i grøssarfeltet, men endå lenger frå standardskrekken enn debuten The Witch. Ephraim er i klem mellom skrekkvelde, høgdeskrekk, våte draumar, mareritt og måker. Fleire scener har klare vink til Fuglane og Vertigo av Hitchcock. Andre utsnitt minner om Fritz Lang i perioden med tysk ekspresjonisme. Regissør Robert Eggers og fotograf Jarin Blaschke har grave djupt for å finne rett kamera og filmrull for å gje eit grovkorna og mørkt kontrastrikt uttrykk som ser gamalt ut. Dei lukkast. Eit format smalare enn dei fleste stumfilmar sikrar klaustrofobi. Svarte svaberg som fyller nesten heile lerretet, er mektig. Stilen er stram.
Frisk bris
Trass i det dystre er filmen full av komikk, gjerne i form av prompehumor og slapstick. Blandinga sit bra. Stilen er streng, men The Lighthouse er først og fremst ein vellaga underhaldningsfilm med spesiell appell blant filmnerdar. Få skildrar eit skrekkeleg New England i støypeskeia som Eggers.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.