JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Sterkare kost(yme)

Forteljinga om Emily Brontë er ikkje heilt etter oppskrifta, og smakar kanskje difor endå betre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Emily (Emma Mackey) forelskar seg i den nye kappellanen William, spelt av Oliver Jackson-Cohen.

Foto: Ymer Media

2823
20230106
2823
20230106

Drama

Regi: Frances
O’Connor

Emily

Med: Emma Mackey, Oliver Jackson-Cohen, Fionn
Whitehead
Kinofilm

Yorkshire, kring 1840: Unge Emily (Mackey) bur saman med systrene og faren på prestegarden då den nye kapellanen William (Jackson-Cohen) kjem og talar om regn og Gud. I staden for å reisa til lærarstudium i storbyen blir den sky, introverte Emily verande på landsbygda og finn snart ut at William kan meir enn berre å preika.

Jane og Emma

Alt frå starten skjønar ein at Emily ikkje er nok eit kostymedrama laga for å tekkast eit underleg altetande publikum, og det mest i øyrefallande er musikken. Strykarane får selskap av underleg, kul korsong som ikkje bryt med det grøne Yorkshire-landskapet med åsar, men understrekar at her er det fleire dimensjonar i vente.

Den vakre, unge kvinna med det mørke håret glir ikkje berre formålslaust gjennom det bølgande graset som ei typisk heltinne av denne sorten. Men så er det likevel akkurat det ho er, berre hakket meir kompromisslaus, og det gjer at filmen nok vil appellera til den store Jane Austen-foreininga.

Ingenting gale med det! Me snakkar trass alt om forfattarane av ein av dei aller største litterære suksessane som ikkje var ført i pennen av Jane Austen. Noka sannferdig historie om det korte livet til den vidkjende forfattaren har ikkje regissør Frances O’Connor påstått at ho har laga, men basert på Stormfulle høgder kan ein kanskje gå ut frå at det til tider storma, i alle fall i det indre livet til Emily Brontë.

Uhistorisk

Ein biografisk film vil alltid lena seg tungt på hovudrolleinnehavaren. Bra er det då at det er Emma Mackey som tolkar Emily. Ho maktar å gje djupn, register og kompleksitet som er forfriskande å sjå i ein slik type film. Dette er regidebuten til skodespelaren Frances O’Connor, så at rolletolking sit langt framme, er neppe tilfeldig. At ho er god på manus, kan vel også ha samanheng med erfaring framfor kamera.

Uansett vil eg seia at kombinasjonen av sterkt manus, knall skodespel, spenstig kameraføring og endå meir spenstig lydspor gjer at Emily klarar kunststykket å heva seg frå eit av mange periodedrama til eit av få verkeleg underhaldande. At det er så lite historisk korrekt i sjølve forteljinga, dreg det sjølvsagt ned for min del, som ikkje er glad i at tuklinga med fakta vert gjort medvite.

Eg lèt meg trass i dette imponera og underhalda. At romansen mellom Emily og kapellanen mest sannsynleg ikkje har skjedd, treng me jo ikkje vektlegga, all den tid me veit at dei kjende kvarandre. Ingen fantasi, ingen Heathcliff, ingen Kate Bush-hit – av og til treng ein nokre dosar kjærleik i koleraens tid.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis