Sprudlande sjarm
Den iranske regissøren Panah Panahi køyrer i same fil som far sin med humørfylt og smart systemkritikk.
Debutfilmen til Panah Panahis er ei bittersøt reise vestover.
Foto: Arthaus
Drama
Regi: Panah Panahi
Veien videre (Orig.tit.: Jaddeh Khaki)
Med: Pantea Panahiha, Hasan Majuni, Rayan Sarlak, Amin Simiar
Kinofilm
Ein familie på fire er på biltur vestover frå Teheran. Den vaksne sonen (Simiar) sit taus bak rattet. Vetlebroren (Sarlak) er ein krabat med ville mengder energi og sjarm. Faren (Majuni) har beinet i gips og kjeklar med alle og tergar kjærleg.
At mora vurderer å ete eit simkort før ho gøymer mobilen under ein stein langs vegen, er første teikn på at dette ikkje er ein heilt vanleg helgetur. Sonen skal ut av landet.
Humor
Det haglar frekke replikkar. Den godlynte ertinga er kjekk. Humoren er bekmørk. Eg humrar og smilar. Ungen er bastant, veslevaksen og lukkeleg uvitande om kva motivet for reisa er. Foreldra freistar halde oppe stemninga. For publikum fungerer det framifrå.
Diskusjonane krinsar om Batman og 2001: en romodyssé. Det svingar av glitrande slagarar frå iransk musikkhistorie som vantar velsigning frå prestestyret. Ein sonate av Franz Schubert gjev bittersøt klang. Ein typisk bonus med reisefilmar er utsikta. Det får vi her òg, frå den inntørka Urmia-sjøen, via raslande korn og lauv til fjella på grensa mot Tyrkia.
Skodespelarkvartetten spelar flott. Yngstemann Rayan Sarlak er eit funn. Den lakoniske stilen til Hasan Majuni som faren er fin. Pantea Panahiha som mora gjer likevel den beste rolla. Ho har nerve og nærvær av format og er den som utløyser sterkast kjensler.
Familiereisa
Ein sporar sorga tydeleg bak det tapre smilet til mora, og faren stirar stundom ut i lufta med eit mektig mørke i augo. I solid iransk tradisjon visar Panah Panahi konsekvensar av eit nådelaust styresett gjennom eit stramt drama. Klare rammer med stor klangbotn, men utan eksplisitte brannfaklar er ei kjend oppskrift i eit av dei beste filmlanda i verda.
Jafar Panahi, far til Panah, har hatt stor suksess med å fortelje frå bilen i Taxi Teheran og 3 kvinner. Sonen tar etter eit par stilval. Han har arva det skarpe blikket og den friske humoren. Det blir spennande å sjå kvar vegen går vidare for den nye generasjonen. Debuten var ei herleg reise.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skodespelarkvartetten spelar flott.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.