JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Spansk stjernespenning

Storregissøren Asghar Farhadi frå Iran tek oppskrifta si til Spania med ein sterk thriller.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Penélope Cruz og Javier Bardem har hovudrollene i dramaet.

Foto: Norsk Filmdistribusjon

2550
20190315
2550
20190315

Thriller / drama

Regi: Asghar Farhadi

Men alle vet (Orig.tittel: Todos lo saben)

Med: Javier Bardem, Penélope Cruz, Ricardo Darín

Ukjende hender klipper i avissaker om ei forsvunnen jente, før vi får sjå ei stor, fargerik opningsscene der Laura (Cruz), den vesle sonen og tenåringsdottera Irene kjem til den spanske heimbyen sin, der alle kjenner alle. Folk er glade. Ein busslast med gjestar skal i same bryllaup som Laura. Vinbonden Paco (Bardem) er ein barndomsven som alle veit har ei historie med Laura. Festen er storslagen, med mykje vin og livleg livemusikk. Idyllen må sprekke, og regn er sjeldan eit godt teikn.

Dei mistenkte

Skodespelartruppen er stjernespekka. Når ein regissør som har vunne to Oscar, kjem til landet og skal ha to spanske skodespelarar, fell valet sjølvsagt på Javier Bardem og Penélope Cruz. Skal ein ha ein mann frå Argentina, står alltid Ricardo Darín til teneste. Alle er gode. Spesielt Bardem briljerer blant fleire kjende fjes. Rollegalleriet er komplett for sin sjanger med ein perifer, pensjonert Poirot-figur.

Det er kvalitet i alle ledd. Men alle vet har fleire umiskjennelege trekk frå regissør Asghar Farhadi. Han veit å skape stor spenning av familiedrama. Som i About Elly utløyser ei forsvinning full panikk. Som i Fortiden stikk gamle forhold djupt. Regissørstemma er sterk, men filmen lenar seg mot tradisjonell sjangerfilm. Men alle vet er både kidnappingskrim og klassisk whodunnit. Vendingane florerer, men stramt manus gjev truverd og leverer lønn for dei som bit seg merke i detaljar. Mistankar haglar. Alle skuler på alle. Folk lit knapt på sine næraste. Gamalt nag og nye pengeproblem driv dramaet.

Spanskesjuka

Farhadi har laga ein underhaldande spenningsfilm i eit fjernt land, men slik han plar, meistrar han å spegle problem knytte til sosial klasse og nasjonale økonomiske utfordringar i same slengen. Det moderne Spania har harde kår og opplever endra sosiale strukturar. Utvandring og innvandring er parallelle prosessar. Når tilliten raknar i tradisjonelle småsamfunn og familiar, minner det om den skjørt samansette staten som aldri i sanning har vore ein nasjon. Farhadi er framand, men han held på effektiv, sterk filmforteljing og sosial djupn i det som på overflata er ein solid spansk thriller.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Gamalt nag og nye pengeproblem driv dramaet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis