Spansk komedie skuffar
Eg ler og grublar for lite av Goya-grossisten med Javier Bardem.
Javier Bardem spelar den elskverdige sjefen i filmen regissert av Fernando León de Arabia.
Foto: Another World Entertainment
Komedie / Drama
Regi: Fernando León de Aranoa
Den elskverdige sjefen (Orig.tit.: El buen patrón)
Med: Javier Bardem, Almudena Amor, Manolo Solo
Kinofilm
Herr Blanco (Bardem) er ein stort sett godt likt leiar. Familieføretaket er ein vektfabrikk. Sjølvgode Blanco tyt støtt om balanse og ser seg sjølv som far for dei tilsette på fabrikken. Han har mang ein konflikt å løyse: ein elendig mellomleiar (Solo) med lang fartstid, ein nysparka arbeidar som protesterer framom porten, og ein lojal gamal kollega med ein ubrukeleg son i ein rasistisk gjeng.
For Blanco er ein ny pris i nær framtid likevel det viktigaste. Men den unge, høge og tynne praktikanten Liliana (Amor) dukkar opp og vekkjer like mykje interesse som problemløysing og prisjakt.
CV-sprik
Den kjende spanske regissøren Fernando León de Aranoa har laga hummar og kanari. Han likar å knyte både drama og komikk til røynda. Mandager i solen (2002) minnest eg som ei meisterleg varm skildring av arbeidslause i Galicia. A Perfect Day (2015) var underhaldande og gripande om bistandsarbeid på Balkan på 1990-talet. Loving Pablo (2017) var eit meiningslaust mageplask om Pablo Escobar.
Den elskverdige sjefen er eit solid steg opp igjen. Likevel er eg skuffa. Seks Goya-prisar er i meste laget, sjølv om filmen har fleire element som kan fengje, og er godt handverk.
Lagom levering
Klippen er velsmurd. Filmen driv. Mange liv er fletta pertentleg saman. Javier Bardem er slett ikkje verst i hovudrolla. Det er han vel aldri. Her irriterer han nett som han skal med mild og nedlatande tone. Ei lang rolleliste har mange dyktige folk som leverer. Nokre figurar er friskare enn andre. Vektaren med sans for rim er bra. Den roleg framstormande og drivande dyktige arabiske logistikkleiaren med dametekke fungerer flott.
Lina mellom kritikken av dei sleske sidene hjå sjefen og fantasiane til regissøren sjølv er kort. Kameravinklane frå den eldre herren er ikkje originale. Kritikken av korleis arva rikdom tilpassar seg ei meir kompleks verd, er snedigare og tar opp i seg mange skuggesider ved det moderne Spania.
León de Aranoa har freista laga ein intelligent komedie. Diverre ler eg sjeldan. Trass i eit samanvove nett av konfliktar og ambisjonar kjennest det heller ikkje som om Den elskverdige sjefen er så smart i samfunnskritikken som han stundom aspirerer til. Kanskje er det stengt, men eg hadde håpa på meir.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.