Søtladd blodbad
Actionkomedien til Tommy Wirkola osar av store dosar vald og juleromantikk.
Å vere på julenissens snill- eller slemliste har aldri vore viktigare enn i den svarte julekomedien frå Tommy Wirkola.
Foto: United International Pictures
Actionkomedie
Regi: Tommy Wirkola
Violent Night
Med: David Harbour, Alex Hassel, Leah Brady
Kinofilm
Julenissen (Harbour) er dritlei ungar og kapitalisme. Han drikk tett og forbannar alle barn som ikkje vil ha anna enn pengar og dataspel. I år kjem han ned pipa til den rikaste familien som tenkjast kan. Der rår kynismen og eigesjuka, men vetle Trudy (Brady) har eit hjarte av gull.
Det einaste ho ynskjer seg til jul, er at foreldra skal bli saman att. Mora hennar er snill. Faren (Hassel) vil kanskje bryte med den omsynslause mor si. Så bryt ein gjeng ranarar seg inn for å tømme kvelvet. Heldigvis kan nissen slåst.
Tommy Wirkola har etter kvart eit lass sjangerfilmar på samvitet. To rundar med både Kill Buljo og Død snø vitnar om ein kar som likar enkel underhaldning med vald og humor. Han har laga storfilm i USA før, som Hansel & Gretel: Witch Hunters. Etter den ganske vellaga norske I onde dager er han tilbake i Sambandsstatane no. Actionkomediane kjem tett.
Wirkola hyllar inspirasjonskjelder. Beverly D’Angelo frå Hjelp, det er juleferie! spelar tyrannisk mor. Trudy har varma opp til jul med Hjemme alene. Nissen sender tankane til Bad Santa av Terry Zwigoff. John Leguizamo som skurk er eit artig varp. Han og D’Angelo krydrar Violent Night, men skodespelet står ikkje i høgsetet.
Violent Night er fullstappa av slåstkampar, blod og gørr, slik filmane til Wirkola ofte er. Nokre actionsekvensar blir litt lange og keisame. Blodsprut og kreative drapsmåtar er sentralt. Det blir fort slitsamt, men filmen glimtar til. Ei julestjerne som tek fyr, er eit godt eksempel på valdeleg action med glimt i auget. Slapstickscena der unge Trudy tyr til triks frå Alene hjemme med meir blod, er den morosamaste. Mykje er meir pubertalt. Kva kan ein stor nøtteknekkar brukast til?
Wirkola har aldri brydd seg om god smak. Han er ein skamlaus sjangerentusiast. Det inneber mellom anna mange føreseielege trekk der ein uvanleg ofte tippar riktig på kva som kjem til å hende. Musikken er over alle støvelskaft. Det gjeld spesielt i scener som haussar opp julestemninga med godhjarta handlingar og vekt på at ein samla familie er det beste som finst. Då auser ein på med så store dosar sukker som ein kan vente i USA. Kritikken av overforbruk blir hamra inn.
Den sanne skurken er ulikskap og griskleik. Gode føremål og gamaldags nestekjærleik kan redde både kjernefamilien og jula. Kanskje til og med nissen får trua tilbake på verda. I all blodspruten har Tommy Wirkola laga ein typisk julefilm som fortel oss kva jul eigentleg er meint å vere, slik dei fleste julefilmar gjer.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.