Film
Sosekoppmannen
Den siste Spider-Man-filmen er både enkel og rotete på ein gong.

Peter Parker (Holland) skal på skuletur og anar fred og ingen fare før han vert kalla inn på teppet av Avengers-sjef og Iron Man-makkar Nick Fury (Jackson). Den mystiske Mysterio (Gyllenhaal) øydelegg freden, bokstaveleg tala. Verda må reddast nok ein gong. Og alt Peter vil, er å få kjangs på kule MJ (Zendaya).
Smart er kult
Det har vore nokre edderkoppmenn i kabalen sidan Marvel-teikneserien fekk nytt filmliv i Spider-Man (2002). Den gongen vart rolla tolka av Tobey Maguire, for så å verta overteken av Andrew Garfield, og no sist: Tom Holland. Han gjev rolla akkurat så mykje uskuld og naivitet som skal til for å gjera han til ein strålande superhelt, spør du meg! Tommel opp for tolkinga til Holland, altså. Og for Zendaya i rolla som MJ, den nerdete, men superkule klassekameraten.
«Våg å vera den smartaste personen i rommet», seier Mysterio. Og på mange vis er nerdehemnen teken til nye dimensjonar i siste edderkoppfilmen. Det er jo ganske herleg.
Til ungdommen
For dei som er fan av Marvel-universet, er dette langt barnslegare enn til dømes Black Panther og dei mange Avengers-filmane. Spesialeffektane er framleis bra underhaldande, men som med sjølve plottet er det noko rotete. Det er vanskeleg å ikkje tenkja at dette er eit reint forsøk på å mjølka franchisen for det han er god for.
Handlinga er på eit svært elementært nivå og gjev inntrykk av at pengar kan ikkje alltid kjøpa gode idear, spesielt ikkje viss det er under tidspress, slik det kjennest som her.
No vel, det er nok popkorn over Spider-Man: Far From Home til å forsvara kinobesøket, for all del.