Film

Sorga eig ingen

Alle finn kvar si trøyst i ein traust, fin film om sorg.

Ektemannen og sonen står att åleine då Leila døyr av kreft.
Ektemannen og sonen står att åleine då Leila døyr av kreft.
Publisert

Nisse (Stenberg) vil ha minimal merksemd då kona Leila døyr av kreft. Sonen Stefan (Paul) er ei fornuftig røyst som freistar balansere ulike ynske då tanta og mormora har ein hakket meir sosial innfallsvinkel til døden.

Sorgspegel

Regissøren Klaus Härö byggjer filmen på eigne erfaringar og opnar med å presisere at likskapar med ekte folk er medvitne. Faren er ein type gretten gamal gubbe ein kjenner frå nordisk film. Han vil helst halde seg for seg sjølv og ordne praktiske saker, og han skular stygt mot den urbane, moderne hovudstaden.

Sonen vil gjere alle til lags, men må lære å sikre sin eigen veg. Alle ser seg sjølve i sorga. Tankane deira om den døde speglar korleis dei sjølve såg henne. Filmen viser fint korleis røynda ser ulik ut, basert på korleis vi ser på livet, òg i døden.

Tidsrammer

Det er kjekt å høyre finlandssvensk på film. Finurlege formuleringar gjev ekstra effekt, men stundom kunne ein med stille formidla fleire ting som her blir sagt høgt. Skodespelet grensar litt mot det teatralske, men Sara Arnia som mormor gjer ein flott figur.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement