Film
Sommarkinoens konge ¿
Løvenes konge er eit imponerande stykke sukkersøtt kopihandverk.

Løveungen Simba leikar sutlaust saman med Nala og dei andre søtnosene, men i skuggane lurar den slemme onkel Scar og hyenane på skuggesida. Pappa Mufasa vaktar over flokken, heilt til han ein dag vert lurt av den durkdrivne broren og Simba må rømma heimafrå. Heldigvis møter han vortesvinet Pumbaa og surikaten Timon, som ser lyst på livet. Han slepp likevel ikkje unna vervet han ein gong var etla til.
Pengekyr
Skal seia det er tørke i Hollywood for tida. Det vil seia, til ei viss grad har det alltid vore resirkulering av andre sine produkt som har ført til bestseljarar på det store lerretet. Disney har basert seg på folkeeventyr sidan Snehvit og de syv dvergene (1937) trollbatt publikum som fyrste langfilm. Etter det har dei, med solid resultat både kunstnarisk og økonomisk, halde det gåande. Og siste gjenbruksidé er altså å laga «levande» film av teiknefilmar. Fyrst ute var Jungelboken (2016), basert på teiknefilmen frå 1967 (som igjen var basert på forteljinga til Rudyard Kipling frå 1894). Ka-ching! Når det kling i mynt, raslar det med sablar – kall inn truppane med regissør Jon Favreau i spissen som sist og snurr spesialeffekt. Løvenes konge er omtrent ramme for ramme omgjord frå teikningar til «ekte» film, og dette er kanskje det mest imponerande av alt. Det er så ein får lyst til å sjå dei ved sida av kvarandre for å samanlikna. Teiknefilmen kom i 1994, då var eg allereie ein kynisk tenåring som ikkje kunne anna enn forakta slikt søtladd kliss, så kanskje eit gjensyn trengst. Eller kanskje ikkje.
Søtt og syrleg
Kynismen har ikkje dempa seg heilt, men sentimentaliteten har berre auka. Og med så mange grineknappar som Løvenes konge inneheld, må ein nesten mangla puls for ikkje å verta ørlite rørt. Songane er dei same, men meir enn dei oppbrukte orda om å kjenna på kjærleiken, er det det afrikanske musikkbakteppet som vekkjer dei sterkaste kjenslene for min del – så stolte, så frie, så vakre, dyra så vel som landskapa, akkurat som tonane. Klisjéaktig? Det skal eg lova dykk. Men det er jo nettopp dette som fungerer så godt. Det som fungerer minst er humoren. Hyenane hugsar eg som endå meir toskne og teite, det same med Pumbaa og Timon. Det søte vert søtare med levande bilete, medan det morosame forsvinn litt. Det skal jo også godt gjerast å vri så mykje på ansiktsuttrykka på eit foto som det ein kan med ei teikning. Å bortforklara zoologiske feil, som at mandrillar ikkje held til rundt Serengeti, eller at løver kan leva av å eta åmer til middag, verkar også søkt når filmen framstår som noko National Geographic har laga, men kva kan ein forventa. Poenget er framleis å fortelja eit slags eventyr, ikkje gjera O-fagsprøvane enklare for borna.
Eg vil tru Løvenes konge går rett heim hos kjernepublikummet, som for dei fleste Disney-filmane strekkjer seg til både små og store. Og uansett kor kynisk eg likar å tenkja at eg er, tørka eg masse tårer undervegs.