Film

Sol og skugge

Ein stor debut frå eit nostalgisk, solfylt Syden med skuggar gjev rikt med smil og tårer.

Paul Mescal spelar faren Calum og Frankie Coro den elleve år gamle dottera Sophie i debutfilmen til regissør Charlotte Wells.
Paul Mescal spelar faren Calum og Frankie Coro den elleve år gamle dottera Sophie i debutfilmen til regissør Charlotte Wells.
Publisert

På nittitalet ferierer elleveåringen Sophie (Corio) med faren Calum (Mescal) ein stad på den tyrkiske kysten i landet Syden. Sjølv om Sophie hevdar at faren er 130 år, er det 31 han skal fylle. Mora er heime. Dette er kjærkomen tid med faren som ho ikkje ser så ofte. Sola skin. Sjølv om dei har skrint med pengar, og hotellet er ein byggeplass, er stemninga god. Dei har det kjekt og er glade i kvarandre, men Calum er ein ung far som kanskje er tyngre til sinns enn ein ser ved første blikk.

Var varme

Miljøskildringa er eineståande. Kleda, seta i bussen og arkadespela. Tvilen om sosial omgang med andre turistar ved bassenget. Flaue framsyningar på kvelden, inkludert «Macarena» av Los del Río. Ei nostalgisk musikalsk rekke av Catatonia, All Saints, Chumbawamba og så bortetter. Tenåringar som råkliner ved bassengbaren midt på dagen medan venar kommenterer til tonane av «Drinking in L.A.» av Bran Van 3000. Det er ekkelt ekte. Mellom slagerane fengslar den originale musikken til Oliver Coates oss perfekt i ei dystrare stemning av skuggar.

Paul Mescal er heldigvis nominert til Oscar for rolla som Calum. Eg slit elles med å sjå at det er mogeleg å spele betre enn Frankie Corio som Sophie. Kanskje det er like greitt at ho ikkje blei nominert, så ikkje Hollywood stel ho med det same. Dei to i hovudrollene sjarmerer meg i senk. Skildringa av forholdet mellom far og dotter er vart og varmt. Eg kjenner kjærleiken djupt i hjarterota. Dei er morosame, kule og snille. Dei perifere figurane er fine, anten det er greie tenåringar på tur for å flørte, drikke og spele biljard, tyrkarar som arbeider med turisme, eller ein belar på alder med Sophie som tevlar på motorsykkelspelet ved bassenget.

Melankolsk minne

Calum og Sophie har med eit videokamera som gjev eit ekstra nivå til tankane som svirrar rundt minne. Når Sophie leikar med kamera, anar ein dessutan at det er den framtidige regissøren Charlotte Wells som tar sine fyrste steg. På grunn av korte glimt til framtida forstår vi at dette er minna den vaksne Sophie har. Ho hugsar sommaren med faren med kjærleik, men ho ber på ei sorg. Fanst det mørke signal ho ikkje plukka opp som elleveåring?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement