JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Slaget i Shanghai

Sjå heller denne storslagne kinesiske krigsfilmen enn endå ein av same slaget frå USA.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmen er basert på ei sann historie i Shanghai i 1937.

Foto: Another World Entertainment

2385
20201211
2385
20201211

Krigsfilm

Regi: Hu Guan

The Eight Hundred (Orig.tittel: Ba Bai)

Med: Zhi-zhong Huang, Yi Zhang, Wu Jiang
Kinofilm

I 1937 tok japanske styrkar Shanghai. Erobringa enda med ei kringsetjing av Sihang-varehuset, der rykta sa at 800 kinesiske soldatar freista halde ut lengst mogeleg for å få ein moralsk siger. På andre sida av Suzhou-elva låg eit verna, internasjonalt strøk styrt av Storbritannia. Slik kunne verdssamfunnet sjå krigen frå orkesterplass. The Eight Hundred er ei grandios skildring av denne sceniske krigshistoria.

Mange skal med

Filmen er nett like pompøs og nasjonalistisk som den jamne krigsfilmen frå Noreg eller USA. Likevel forsvann filmen frå programmet til filmfestivalen i Shanghai i fjor av «tekniske årsaker». Sensurgudane veit kva som var med i dei tretten minutta som forsvann før filmen erobra kinesiske kinoar i haust. At heltane i filmen er frå Guomindang hjelpte neppe.

Vi heiar altså fram dei framtidige fiendane til kommunistpartiet. Rett nok er fleire av dei sentrale figurane desertørar og gjer sitt beste for å flykte frå frontlina. Vi vil dei uansett vel. Dei individuelle historiene slår sine slag for at kinesisk historie har plass til dei fleste, så lenge fellesskapen får forrang til slutt.

Skarp kontrast

Eg kan ikkje minnast å ha sett maken til motsetningar. Livet under neonskilta på den eine elvebreidda og døden på varehuset på den andre står i grell kontrast. Den minimale avstanden er ekte. Suzhou-elva er ein tynn arm. Utelivsbaronar, utanlandske offiserar og presse trong ikkje kikkert for å sjå krigen. Det ser utruleg ut, og det fungerer som ein kommentar til internasjonal passivitet andsynes konfliktar i dag.

The Eight Hundred er visuelt slåande. Ein ser at kvar yuan er brukt godt. Rekonstruksjonen av det fjonge livet langs elva er lekker. Slagscenene er imponerande og rå. Brutaliteten skakar. Spesielt minneverdige er seansar der folk ofrar seg som reinaste kanonføde. Melodrama høyrer med i slike epos. Den pynta historia er flott å sjå på. Likar du krigsfilmar, og taklar du både blod og sakte film med strykarar? Då vil du setje stor pris på to og ein halv time kinesisk historie på kino.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Matprat og alder

Sei meg korleis du uttalar namn på matvarer, og eg skal seia kor gamal du er.

May Linn Clement

Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.

Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater

TeaterMeldingar
DAG OG TID

Festleg framsyning av musikalen Matilda

Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.

Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Grått og keisamt

Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis